Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Eg trur ikkje mine eigne øyre og auge! Dette er eit identitetstjueri og ei sjølvtekt gjort med ei frekkheit hittil ukjend i Sunnfjord, om ikkje i Oslo. Kva er det vi skal kalle oss, vi som har valt å stå utafor dette deggebarnet som no skal få lov å kalle seg Sunnfjord kommune? Er vi berre rest-sunnfjordingar vi? Viss ikkje det blir eit veritabelt folkeopprør mot denne departementale skit-rua, så må vi askvollingar, floræværingar, bremangerfolk og fjalerfolk slutte å sjå oss sjølv i speilet frå idag av. Eller korleis ser ein audmjuka, dukka og nedverdiga rest-sunnfjording ut?