Kommunane treng ei sirkulær startpakke!

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.I åra framover må me legge om heile økonomien vår til meir resirkulering, reparasjon og attvinning av robuste produkt – såkalla sirkulærøkonomi.

I dette skiftet er kommunane avgjerande. Våre kommunar bygger infrastruktur, brukar mykje energi og kjøper store mengder varer og tenester, og dei har flinke kompetente tilsette.
Om kommunal sektor skiftar til sirkulærøkonomisk drift, kan me spara mykje i høve til klimagassutslepp, ressursar og pengar. Undersøkingar gjennomført av mellom anna SINTEF og NITO syner at sirkulærøkonomi jamvel kan skape mange nye arbeidsplassar innafor bygg og anlegg, plast, elektronikk, reparasjon og vedlikehald.

Men kommunane treng drahjelp til dette. For få teknologiske løysingar, manglande koordinering i forvaltninga, dårleg råd og for små fagmiljø er dei vanlegaste hindra for sirkulær omlegging. NITO Sogn og Fjordane registrerer at Vestland fylkeskommune har gjeve Sunnfjord kommune 50.000 til ei forprosjekt om sirkulærøkonomi, noko som er svært positivt. Men i den store samanhengen må slike prosjekt få meir pengar.

Difor ber NITO at regjeringa i statsbudsjettet for 2021 legg inn minst 30 millionar kroner til en sirkulær startpakke for kommunane. NITO meiner at desse pengane skal brukast i form av eit forprosjekt der nokre kommunar blir plukka ut til å ta del. Sunnfjord kommune bør vera ein veldig god kandidat.

Desse kommunane får digitale kompetansepakkar med opplæring i sirkulærøkonomi slik at tilsette blir inspirert til å sjå sirkulære utsikter i sin arbeidskvardag. Kommunane får òg hjelp til å kartlegga materialstraummar og gjennomføre undersøkingar for å finne ressurslekkasjar og potensial. Dei som er med i prosjektet kan inspirere andre kommunar.

NITO Sogn og Fjordane veit at regjeringa må ta harde økonomiske val, men 30 millionar er en liten sum samanlikna med gevinsten eit sirkulært kommune-Norge vil gje på sikt.
Lukkast kommunane med å legge om til sirkulærøkonomi, lukkast Norge.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken