Kommunane i Vestland må ta imot flyktningar frå Moria-leiren

ANSVAR: Kommunane i Vestland må vere med og ta ansvar og bidra for å lette situasjonen for nokre av dei kriseråka menneska i Moria-leiren i Hellas, skriv artikkelforfattarane.

ANSVAR: Kommunane i Vestland må vere med og ta ansvar og bidra for å lette situasjonen for nokre av dei kriseråka menneska i Moria-leiren i Hellas, skriv artikkelforfattarane. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Koronakrisa har no råka land over heile verda. Alle land har sine utfordringar, og særleg gjeld dette land som har flyktningleirar med menneske på flukt. I Noreg har vi myndigheiter som har teke grep når det gjeld korona-viruset, og situasjonen i Noreg er krevjande på alle måtar. Vi er likevel heldige ved at vi har tilgang på mat, utstyr og medisinar – vi lever i ein velferdsstat og i eit velferdssamfunn.

Det bur om lag 20.000 menneske i Moria-leiren, og leiren var meint for 3000 (Nrk.no/urix). Moria er den største av flyktningleirane i Hellas. Grunna «EU – Tyrkia-avtalen» i 2016, er flyktningane fastlåste i Hellas på ubestemt tid. Det vert rapportert om grov, uanstendig og inhuman handsaming av menneska, med piggtråd, politi, næringsfattig mat, elendige sanitærforhold, manglande helsetilbod, mangel på klede i minusgrader og eit mottaksapparat på grensa til samanbrot (vl.no). Fleire land i Europa har starta arbeidet med å evakuere / ta imot flyktningar frå Hellas.

Raudt Sogn og Fjordane registrerer at det er eit auka press på regjeringa i denne saka. Raudt meiner det ikkje er tilstrekkeleg at statssekretær Barstad informerer om at Noreg vil bidra med pengar for å avhjelpe i nærområdet.

Kommunane i Vestland må vere med og ta ansvar og bidra for å lette situasjonen for nokre av dei kriseråka menneska i Moria-leiren i Hellas. Mange kommunar i fylket har gode faglege og materielle ressursar. Kommunane har også viktige erfaringar og kompetanse på å ta imot og busetje flyktningar.

Raudt Sogn og Fjordane oppmodar kommunane om å be Stortinget straks sette i gang arbeidet med å ta imot flyktningar frå Moria-leiren. Raudt oppmodar også kommunane om å busetje einslege mindreårige flyktningar frå leiren, ev. barnefamiliar.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags