Klimavalet 2021 toler ikkje regjeringsbyte

Ole Martini i Vestland Unge Venstre meiner det er best for klimaet om regjeringa held fram etter Stortingsvalet.

Ole Martini i Vestland Unge Venstre meiner det er best for klimaet om regjeringa held fram etter Stortingsvalet. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Norske klimagassutslepp går ned, og det har dei gjort fire år på rad. Skal denne trenden fortsette treng vi meir Venstre-politikk.

For første gong er vi i rute til å nå norske klimamål. Dette er strålande klimanyheiter.

Dei gode resultata har ikkje komme av seg sjølv. Venstre har jobba systematisk og målretta med det grøne skiftet i fleire år. Sidan 2013 har Venstre vore med på å styre norsk klimapolitikk. Gjennom å ta ansvar har Venstre fått gjennomført mykje effektiv klimapolitikk.

Blant anna har vi gjennomført ei storstilt satsing på kollektivtransport, fordi det skal vere billeg og enkelt å velje grønt. Det at staten bruker meir pengar på kollektivtransport enn tidlegare har gitt resultat: No gjennomførast det 150 millionar fleire kollektivreiser i året enn i 2013.

Dessutan skjer det langs kysten det nærast ein grøn revolusjon som skapar nye arbeidsplassar. Innan få år skal vi ha rundt 80 elektriske ferjer rundt om i landet.

Og inn på denne utsleppsfrie ferja kjem du kanskje køyrande i din utsleppsfrie bil. Stadig fleire av oss har nemleg bytta ut bensin- eller dieselbilen med ein elbil. No er halvparten av alle nye biler som seljast ein elbil, takka vere elbilfordelane som Venstre er garantist for.

Det har noko å seie kven som styrer. No er vi bekymra for kva eit potensielt regjeringsskifte i 2021 vil ha å seie for viktige klimasatsingar.

Tidlegare i sommar lanserte Audun Lysbakken SVs viktigaste krav for å danne regjering med Ap og Sp. Ingen av desse krava omhandlar klima.

Og i vårens forhandlingar på Stortinget om økonomiske krisepakkar til næringslivet hadde Ap og Sp subsidier til oljeselskapa som sin øvste prioritering. Det er ikkje akkurat å satse på det grøne skiftet.

I tillegg har både Støre (Ap) og Vedum (Sp) lukka døra for å gå i regjering med MDG. Heller ikkje dette styrkar opposisjonens klimaprofil.

Dersom opposisjonen vinn valet til neste år, er vi redde for at det ikkje vil vere noko parti i regjeringsforhandlingane som set klima øvst på prioriteringslista.

Dermed er det å stemme på Venstre truleg den sikraste måten å bidra til at vi også dei neste åra vil ha eit klimaparti i regjering.

Sjølv om vi har gjort mykje for å ta Noreg i ei grønare retning dei siste åra er vi sjølvsagt ikkje fornøgde endå. Vi vil meir. Skal verda nå måla frå Paris-avtalen må utsleppa halverast innan 2030 og fjernast heilt innan 2050. Skal vi nå desse måla treng vi meir grøn Venstre-politikk.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags