Klimagassutsleppa vil auke med ny nettleige

ENERGI: Den massive elektrifiseringa av samfunnet vil krevje mykje meir energi enn det vi har i dag. Ifølge Statnett må tilgangen aukast med heile 40 TWh, dette er like mykje som det samla straumforbruket til alle norske hushaldingar, skriv artikkelforfattanre. Vildet er frå bygging av 420kv linja over Siplo i Høyanger.

ENERGI: Den massive elektrifiseringa av samfunnet vil krevje mykje meir energi enn det vi har i dag. Ifølge Statnett må tilgangen aukast med heile 40 TWh, dette er like mykje som det samla straumforbruket til alle norske hushaldingar, skriv artikkelforfattanre. Vildet er frå bygging av 420kv linja over Siplo i Høyanger. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Nettleiga skal i framtida skal ikkje lenger reknast ut på bakgrunn av straumforbruk. I staden foreslår NVE at nesten heile nettleiga skal vere ein fast årleg pris og uavhengig av forbruk. Dette fjernar motivasjonen til å spare straum eller produsere straum til eige forbruk via solceller. NVE argumenterer i sitt forslag med at fastpris er meir rettferdig. Det er vi i Nelfo heilt usamde i. Men verre er det at den nye nettleiga inviterer til straumsløsing og auka klimagassutslepp.

I februar forsterka Norge sitt utsleppsmål under Parisavtala. Vi har forplikta oss til minst 50 prosent utsleppskutt innan 2030. Styresmaktene sine utrekningar syner at dette bl.a. vil krevje at alle nye ferjer, bussar, varebilar, lette lastebilar og personbilar skal vere utan utslepp innan ti år. Den andre delen av kysttransporten skal og i stor grad elektrifiserast i form av landstraum til alle hamner og delelektrifisering av containertransport og cruiseskip.

Den massive elektrifiseringa av samfunnet vil krevje mykje meir energi enn det vi har i dag. Ifølge Statnett må tilgangen aukast med heile 40 TWh, dette er like mykje som det samla straumforbruket til alle norske hushaldingar. Det siste året har vore prega av mange heite debattar med rot i motstanden mot nye utanlandskablar, monstermaster, meir vasskraft og fleire vindparkar. Mangel på energi vil bli ei stor utfordring på vegen mot utsleppsmålet.

Heldigvis finst det konfliktfrie alternativ som kan redusere trongen for utbygging av nye kraftverk. Store mengder energi kan frigjerast gjennom energieffektivisering og produksjon av solenergi hos forbrukarane. Faktisk er hushaldingane sitt potensielle bidrag ein sentral del av styresmaktene sin klimastrategi. Regjeringsplattforma inneheld både mål om 10 TWh energieffektivisering i bygningar og at hushaldingane si evne til å produsere eigen straum skal styrkast.

Dersom NVEs nettleigeforslag blir vedtatt, vil vi ikkje lenger kunne rekne med hushaldingane. Med fastpris vil ein ikkje få lågare nettleige ved å investere i solceller, automatisk styring av lys og varme, varmepumpe eller andre former for aktiv energieffektivisering. Når den økonomiske motivasjonen forsvinn, vil ikkje tiltaka bli gjennomført.

NVEs nettleigeforslag er no ute på høyring. Forhåpentlegvis vil høyringa gjere politikarane bevisste på dei store negative konsekvensane dette vil få for norsk klimapolitikk. Vi er avhengige av hushaldingane for å nå klimamålet, og då treng vi rammevilkår som motiverer oss til å ta gode klimaval.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags