Klimaet har alltid vore i endring

UTFORDRING: Forureining vert nok den aller største utfordringa spør du meg. Denne utfordringa vert delvis feia under teppet og ikkje teke nok tak i, skriv artikkelforfattaren..

UTFORDRING: Forureining vert nok den aller største utfordringa spør du meg. Denne utfordringa vert delvis feia under teppet og ikkje teke nok tak i, skriv artikkelforfattaren..

Av
DEL

LesarbrevDet er vel ingen som betvilar at klimaet er i endring. Klimaet har endra seg mykje gjennom historia, og for 100 år sidan og tilbake i tid var det lite menneskeleg aktivitet som påverka naturen og universet sine klimaendringar.

For 200-300 år sidan gjekk isbreane våre langt ned i dalane her på Vestlandet. Ingen ropte då ut til folket med bodskap om klimakrise. Ingen påstandar om at endringane var menneskeskapt. Historia viser oss at det var mykje både milde vintrar, mange tragiske jord og snøras. Fjella var like bratte då - som no.

Jorda har opplevd mange tidsepokar som både har vore mykje varmare og mykje kaldare enn i dag. Klimaet har alltid, og vil, alltid vere i endring. Dette sjølv om det ikkje hadde budd eit einaste menneske på vår kjære jordklode.

Sjølvsagt må vi justere adferda vår her på planeten, for vi verken treng eller bør forureine slik vi gjer i dag. Vi bygger ned mykje landskap tilpassa våre behov som menneske. Vi er i ferd med å øydelegge jordkloden totalt med å forsøple!

Jorda vil nok helst gå på trynet med alle miljøsyndene som eksploderer i omfang kvar dag. Dette vert nok den aller største utfordringa spør du meg. Denne utfordringa vert delvis feia under teppet og ikkje teke nok tak i.

Verdsmaktene har eitt fokus ut til verda si befolkning. Den store og einaste synadren CO2 utslepp til ein spektakulær uendeleg stor atmosfære.

Jordkloden går nok ikkje under, sjølv om vi får ei grad eller to varmare på jordkloden. Sjølvsagt er det både tragisk og trist at vi menneska har valgt å busetje store byar heilt i vasskorpa. Det er sjølvsagt ei menneskeskapt handling!

Det skulle nok vore brukt ein del 100 milliardar kroner på å renske havoverflata og «avfalland» for søppel og plast.
Samtidig må vi sjølvsagt stoppe all denne enorme forsøplinga i mindre utvikla land kor byane flyte over av søppel, som sjølvsagt bles eller renn ut i havet.

Det er tragisk å sjå søpplebilane som tømer all søpla rett ut i elevane utan å ha kunnskap om at dette er heilt på trynet.
Denne utfordringa er aldri nemnt av våre statsmakter. Einaste som står i fokus er CO2.....


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags