Ungdommen fortener alt anna enn utdriting

Tusenvis av skuleelevar streika over hele landet. Fredag 22. mars samla mange seg i Førde.

Tusenvis av skuleelevar streika over hele landet. Fredag 22. mars samla mange seg i Førde. Foto:

Av
DEL

LesarbrevKven vil ikkje stø det gode?

I dag streikar tusenvis av skuleelevar i heile Noreg for klimaet. I forkant av streiken har vi sett fleire døme på nedlatande og ironiserande kommentarar. Ytringsfridomen er viktig, men kan vi dermed akseptere slike innlegg frå godt vaksne personar når føremålet tilsynelatande er å drite ut politisk engasjerte barn og ungdom?

For kven vil ikkje stø dei unge som ynskjer det gode, det rette, det usjølviske? Dei som set framtida og lagnaden til andre menneske føre seg sjølv. Dei som ynskjer å handle etter kva som er naudsynt for å nå eit felles mål, i staden for kva som er enklast for ein sjølv her og no. Ja, kven vil ikkje det?

Fridom til å vere usakleg?

Vi har sett korleis fleire nedlatande og ironiserande ytringar om klimastreikande barn og ungdom har fått stor plass både i media og i sosiale media. Mest omtalt er kanskje Frp-politikar Karianne Hansen sitt facebookinnlegg frå 16. mars.

Eg vil ha på det reine at eg ynskjer ein ytringsfridom der det er høgt under taket. Men eg vert sitjande og lure på kva som er motivasjonen bak denne typen ytringar. Her er avsendarane godt vaksne personar, som vel å formidle sine politiske haldningar gjennom ein nedlatande og usakleg tone overfor mottakarar som i dette tilfellet er svært unge.

Eg lurer på om desse avsendarane ville ytra ein liknande bodskap til ein jamaldra kollega? Eller til ein tenåringsson eller -dotter? Truleg ikkje. For desse meldingane er heilt klare i at dei korkje respekterer mottakarane politisk eller anerkjenner dei som barn og ungdom, og modererer seg deretter. Eg meiner at slike ytringar på ingen måte høyrer heime i den offentlege debatten. Det er ein tone som kunne passert i ein kontekst der makttilhøvet mellom deltakarane var meir jamt, men det ville likevel vore langt frå god skikk og bruk.

Dette er ikkje det same som at vi skal sy puter under armane på dei unge lovande som vel å stikke seg fram. Snarare tvert imot. De som er usamde med klimastreikarane, ver gjerne nådelause, så lenge de klarer å halde ein sakleg tone. Då vil det òg vere lettare for oss andre å forstå kva de eigentleg vil fram til.

Generasjonen som fekk alt

Usaklege innspel kjem gjerne frå hofta, og dei kan kome frå alle retningar. Denne gongen er det dei godt vaksne, den såkalla etterkrigsgenerasjonen, som skal få gjennomgå. Det er tre grunnar til dette.

For det fyrste har eg gjennom sosiale media fått inntrykk av at dei er overrepresenterte som avsendarar av usaklege innspel i denne saka, og for det andre meiner eg at dei i kraft av alder burde vite betre.

For all del, det er heldigvis dei aller færraste som bidreg negativt i debatten rundt det klimapolitiske engasjementet som vi no ser. Å skjere alle over éin kam vert å møte meg sjølv i døra. Eg tykkjer likevel at det for den tredje grunnen er verd risikoen, nemleg at denne generasjonen leverer frå seg jorda i litt dårlegare stand enn dei fekk ho i, når det motsette har vore normalen.

Det er dei som har levd best på oljeeventyret, og det er dei som no sit gjeldfrie i einebustader etter å ha røykt sigaren i båe ender. Når røyken har lagt seg, er det dagens klimastreikarar som må rydde opp.

Maria Sture

Assisterande rektor ved Skei skule

Jølster

Tør å vere audmjuke

Føler dei unge håpefulle, som no veks opp, seg snytte for dette? Eg trur ikkje det.

Det eg derimot trur at mange gjerne skulle sett, er at de tør å vere audmjuke, at de i det minste kan anerkjenne at dei som veks opp i dag, viser ein umåteleg stor vilje til å rydde opp i det rotet som tidlegare generasjonar har stelt i stand. For denne viljen er eit faktum, uavhengig av om du trur på menneskeskapte klimaendringar, eller om du lèt det vere.

De som er foreldre og besteforeldre til klimastreikarane: Er de ikkje stolte? Same kva dei personlege overtydingane dykkar er, er de ikkje stolte over ein heil, ny generasjon som ynskjer å ta ansvar? Ikkje berre skal dei ta vare på dykk når eldrebølgja vert eit faktum, dei skal jamvel ta ansvar for jorda vi bur på.

Om ikkje du alt har gjort det: Sei til dei at du er stolt, og så kan du fortelje kvifor eller kvifor ikkje du stør klimastreiken. Ungdom som syner slik etos og handlekraft, fortener alt anna enn utdriting og ironisering frå representantar for ein generasjon som har feila i sitt forvaltaroppdrag.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags