Ta folk på alvor i klimaspørsmål

KOLLEKTIVTILBOD: Folk ønsker seg betre kollektivtilbod, men får meir bensin. Dei ønsker seg meir tog, men regjeringa gir i staden billegare flyreiser, skriv artikkelforfattaren.

KOLLEKTIVTILBOD: Folk ønsker seg betre kollektivtilbod, men får meir bensin. Dei ønsker seg meir tog, men regjeringa gir i staden billegare flyreiser, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev
Folk flest ønsker å leve meir miljøvennleg. Likevel er dei fleste politikara meir bekymra for pumpeprisen enn klimakrisa.

I dag er eg ekstra stolt over medlemskapet mitt i Miljøpartiet Dei Grønne. I førre veke la vi nemleg fram vårt alternative statsbudsjett. Som einaste parti på Stortinget har vi ein plan for å kutte klimagassutsleppa i Norge med 60 prosent innan 2030.

Kutta i utslepp er mogleg fordi partiet vågar å prioritere. Vi vågar å prioritere 20 prosent kutt i kollektivprisane framfor store vegprosjekt. Vi vågar å gjere det billigare å ete plantebasert framfor kjøtt, og vi toler å bli kjefta på for å satse meir på elbilar enn billigare bensin.


Kritikken haglar i kommentarfelta, men vi står i det. Folk flest skriv nemleg ikkje sinte meldingar i caps lock på Facebook. Dei er opptatt med å prøve å ta miljøvennlege val i kvardagen sin. Ifølge Klimaundersøkelsen til Cicero er det berre 7 prosent av oss nordmenn som svarar at vi ikkje har ansvar for å kutte egne klimagassutslepp.

Det er eit aukande gap mellom det stadig fleire forventar av klimahandling, og det som blir levert av politikarane. Heldigvis blir det meir og meir synleg kor sterk den grøne bevegelsen har blitt. Klimastreiken, klimabrølet og haustens val var berre starten. Den her veka legg Kantar TNS fram sitt heilt ferske Klimabarometer for 2019. For fyrste gang nokosinne tronar klimaendringane øvst på lista over kva vi i Norge synest er den viktigaste politiske saka.

Samtidig får regjeringas innsats i klimapolitikken terningkast 3. Ein vanleg kritikk er at det blir «mykje prat og lite handling».
Dette er ei god oppsummering. Solberg-regjeringa har nesten ikkje klart å kutte utslepp her i Norge.

Sigrid Aanestad Moltumyr.

Sigrid Aanestad Moltumyr. Foto:

Folk ønsker seg betre kollektivtilbod, men får meir bensin. Dei ønsker seg meir tog, men regjeringa gir i staden billegare flyreiser. Planen MDG la fram i førre veke går i motsett retning: Om MDG bestemte ville vi for eksempel hatt ei klimabelønning i Norge kor inntekta frå auka avgifter på flyreiser og bensin ville blitt betalt direkte ut igjen til alle menneske i landet, både liten og stor. Med MDG i førarsetet vil kortbanenettet i Norge bli først i verda til å bli drifta med elfly og utan utslepp. Slike nye løysingar blir tiljubla av dei som er bekymra for følgene av klima- og miljøkrisa.

Eg er stolt over å vere med i et parti som vågar å vise fram kva som må til for å få ned utsleppa, og som ikkje er redd for å gjere det som er nødvendig for å løyse klimakrisa. Det er nemleg framleis slik at om det er billeg å sleppe ut klimagassar, så slepp vi ut for mykje. Om politikarane har valt å satse på ny veg framfor eit godt nok busstilbod, så tar vi bilen.

Derfor er det ikkje berre klimabelønninga som skal hjelpe oss med å ta meir miljøvennlege val. Et anna tiltak frå MDG er ein heilt enorm satsing på tog og kollektivtrafikk, med gratis buss for alle barn under skulealder og 8,2 milliardar meir enn regjeringa til tog, kollektiv, sykkel og gonge. Du og eg fortener eit kollektivtilbod som matchar vår trong til å kutte i egne utslepp.

Planen inneheld også ein folkemilliard som du og eg kan søke pengar hos for å for eksempel sette opp solceller, kjøpe elsykkel eller sette opp ladestasjon. Ein effektiv måte å støtte dei av oss som vil ta små og store klimagrep i kvardagen.

Folks tillit til politikarane dalar. Det er kanskje ikkje så rart all den tid ein ikkje klarar å svare på folk sin største bekymring? Trass kva ein har lova og forplikta seg til vil 2020 gå inn i historia som eit symbolsk år, fordi det no er helt klart at verken raudgrøne eller blågrå regjeringar har nådd klimamåla dei sjølve har laga.

Grunnen er at maktpolitikarar som framleis held seg til klima- og naturkrisa som om det er noko dei kan velje å prioritere ned. På lik linje med andre favorittsakar, som billigare bensin eller skattelette til dei som har mest.

Eg er stolt av partiet mitt som er ein motstemme mot slik kortsiktig populisme. Det er dette som skal til for å løyse klimakrisa – noko dagens maktpolitikara ser ut til å glyømt.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags