Kvifor vil fylkestinget ha eit kaldare klima?

KLIMAKRISE: Ei klimakrise er ikkje i dag at eit kaldt og utriveleg veir slik det var opp til 1989 då vi fekk FN sitt klimapanel. Nei, no er ei klimakrise at vi får eit varmare klima, altså fint ver, skriv artikkelforfattaren.

KLIMAKRISE: Ei klimakrise er ikkje i dag at eit kaldt og utriveleg veir slik det var opp til 1989 då vi fekk FN sitt klimapanel. Nei, no er ei klimakrise at vi får eit varmare klima, altså fint ver, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevI dag er det 4,7 grader ute med regn og tåke, så det er eit trasig veir. Men det som er langt verre er at vi har ei klimakrise i Sogn og Fjordane fordi vi køyrer diesel- og bensinbil og et raudt kjøt.

Men ei klimakrise er ikkje i dag at eit kaldt og utriveleg veir slik det var opp til 1989 då vi fekk FN sitt klimapanel. Nei, no er ei klimakrise at vi får eit varmare klima, altså fint veir. Men då har vel det vore ei klimakrise i mange tusen år bortsett frå den kalde perioden vi hadde på 16- og 17-hundretalet. Det var i alle tilfelle ei kraftig klimakrise etter dagens vurderingar då vikingane reiste til Grønland og slo seg ned der. Dei var glade i øl, så dei dyrka bygg. Då kulden sette inn i mellomalderen, døydde desse busettnadane ut, for der vart permafrost. Det ville eg kalle ei klimakrise og ikkje slik fylkestinget i Sogn og Fjordane oppfattar ei klimakrise som består av at vi får eit varmare klima.

Dersom fylkestinget vil endre på klima og få ned temperaturen, så undrast eg på korleis det skal skje. Sola er den einaste som varmar opp kloden. Kan fylkestinget regulere solinnstrålinga? Ein dag i tropene med fint ver kan sola varme opp ein kvadratmeter med ein kilowatt og solstrålane kan gå 170 meter ned i havet.

Drivhuseffekten der vassdamp og skyer utgjer omlag 95% og CO2 berre 1-2%, kan gje ei oppvarming på 2 watt og gå 20 tusendels millimeter ned i havet. Drivhuseffekten fangar opp ein del av dei varmestrålane som elles hadde gått ut att i verdensrommet og gjordt kloden betrakteleg kaldare. Men drivhuseffekten er totalt dominert av vassdamp og skyer og ikkje av CO2. Derfor verkar det totalt meiningslaust å få ned konsentrasjonen av CO2 som er livets gass og er grunnlaget for alt liv på kloden.

Meir CO2 i atmosfæren gjev høgre avlingar og meir mat til ei dramatisk aukande befolkning på jorda. Sattellittar skotne opp etter 1979 har fotografert kloden og syner at den har vorte betrakteleg grønare. Spesielt ørkenområda har vorte reduserte. Og det kjem av at plantane ikkje treng så mange hol i bladverket for å ta opp nok CO2. Det fører til mindre vasstap gjennom bladverket og plantane kan overleve i tørre område på kloden.

Det finst ingen negative verknader av høgre CO2-konsentrasjon, berre positive, så vi kan eigentleg halde fram med å køyre bilar som brukar bensin og diesel utan at det går ut over klima på Jorda. Klimapolitikk som baserer seg på å redusere utslepp av CO2 er eigentleg å sage av den greina vi sit på. Sjølv om vi køyrer bensinbil vil vi om nokre hundre år få ei ny istid og det vert ei formidabel klimakatastrofe der milliardar av menneske vil svelte ihel. Men dette er kunnskapar som fylkestinget i Sogn og Fjordane manglar.

Politikk er i dag å få nok velgjarar ved å spreie skrekkpropaganda, og klima har vorte ei sak som fleire politiske parti lever av. Det er litt seint å vente til neste istid for å legge om politikken. Men då vil ein nok skjøne galskapen i klimapolitikken!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags