Kva inneber klima- og miljøkrise?

ARGUMENT: Eg vil ikkje seie at klimarørsla ikkje har gode argument, men viss eg skal støtte den, så blir det gjennom gode argument. Ikkje gjennom tvang, frykt og redsle, skriv artikkelforfattaren.

ARGUMENT: Eg vil ikkje seie at klimarørsla ikkje har gode argument, men viss eg skal støtte den, så blir det gjennom gode argument. Ikkje gjennom tvang, frykt og redsle, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevSogn og Fjordane fylkesting har nettopp erklært «klima- og miljøkrise». Som ny på vegen og engasjert bompengemotstandar, så håpar eg at tiltaka dei tenker å gjennomføre ikkje går for mykje ut over folk flest, eller at det berre er bortkasta symbolpolitikk utan noko negativt utfall.

Men det eg er redd for er at det skal bli vanskelegare for folk flest, spesielt bilistane. I alle fall vis fylkestinget vil sjå til MDG-politikk for inspirasjon.

Det er også noko i meg som seier at denne erklæringa er like mykje, kanskje meir, dreva fram av frykt og kravet for ein meir autoritær klima- og miljøpolitikk, som av ein som baserer seg på argumentasjon, med respekt for folks frie vilje. Viss folk skal tvingast til å leve meir klimavenleg, så vil mange ikkje støtte det som er klimavenleg.

Det som var dropen som fekk meg til å skrive dette, var ein sak i Firda som handlar om ein klimaforskar som «ønsker meir tvang». Eg trur heller ikkje at «frykt er ei viktig drivkraft for handling». Vis det er det, så trur eg ikkje det er ein drivkraft som passar heilt inn i eit pluralistisk og demokratisk samfunn.

https://www.firda.no/nyheiter/politikk/klima/fylket-tek-klimagrep-men-klimaforskaren-onsker-meir-tvang/s/5-15-892521

Ein anna ting eg har sett, er at klimarørsla har fått ein ny frontfigur. Ein som har fått elevar til å streike for klimaet, gjennom både gjerning og ord. Det er mange i min generasjon som nærmast blir skremt med i den nye klimarørsla, på grunn av frykta og redsla drive fram om klima og miljø. Midt opp i dette så blir denne frontfiguren, ein ungdom, plassert til å tale for verdas leiarar. Slik eg ser det, så blir det gjeve for stort fokus til denne aktivisten. Gjerne når risikoen er stor for at aktivisten veit like lite om klima og miljø som meg.

Eg vil ikkje seie at klimarørsla ikkje har gode argument, men viss eg skal støtte den, så blir det gjennom gode argument. Ikkje gjennom tvang, frykt og redsle. Eg trur det er naturleg at kravet om ein autoritær stat vil komme frå klimarørsla viss dei tek denne vegen. Eg kan ikkje tru at folk vil støtte klimarørsla i lengre tid, viss deira bølge bygger på frykt og redsle. Då vil tvang vere noko folk i klimarørsla vil argumentere for, sidan det vil «redde planeten». Utan tvil vil dette gå hardast ut over arbeidarklassen og folk i distrikta.

Eigentleg vil eg ikkje at folk skal tenke altfor negativt på klimarørsla. Det er nok ein del folk kan gjere for å få eit betre klima og miljø, sjølv om at det er, mest sannsynleg, nesten ikkje merkbart kva eit individ kan gjere i ein global samanheng. Men eg vil ha i tankane at det er folk der ute som vil bruke frykt og tvinge menneske til å leve «meir klimavenleg», til og med argumentere for å sette til side demokratiet for å «redde» klima og miljø. Men eg trur og at Sogn og Fjordane fylkesting har nokre gode argument for å bry seg om klimaet. I spørsmålet om å erklære klima- og miljøkrise, ville eg likevel ha gjort som Frank Willy Djuvik og stemt nei.

Til slutt så vil eg oppfordre at folk undersøker sjølv og ikkje høyrer for mykje på aktivistar og redslepropaganda. God dag!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags