Klimakrisa og Vestland

Av
DEL

Lesarbrev

Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok 8. oktober å erklære klima- og miljøkrise. Sogn og Fjordane sin fylkesordførar Jenny Følling (Sp) slo då fast at klimaomstillinga må skje fortare enn det tidlegare har vorte lagt opp til. Dette har ho rett i.

Det er nødvendig å starte arbeidet med å få ned utsleppa frå klimagassane, både gjennom bruk av andre energikjelde òg gjennom energisparing. I tillegg må det vere eit mål at fornybare energikjelde medfører så små inngrep i naturen som mogleg. Dette er ei stor oppgåve, men ikkje ei umogleg ei.

Det som burde vere eit tankekors, er at vedtaket om å slå saman Hordaland og Sogn og Fjordane til Vestland fylkeskommune kjem til å føre til meir forureining og unødvendig energibruk. For ei sentralisering av fylkesadministrasjonen og ei utviding av fylket sitt geografiske område vil sjølvsagt føre til meir forureinande reiseverksemd, på grunn av den nødvendige møteverksemda som må til for å administrere og styre Vestland. Av omsyn til miljøet bør difor Vestland snarast mogleg delast opp att i dei to sjølvstendige fylka Hordaland og Sogn og Fjordane.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags