Klimadebatt og dobbeltmoral

Av
DEL

LesarbrevSer kvar dag i media kor fælt det er med kjøttproduksjon og kufis. Dette er å skyte sporv med kanon.

Sjå på kor mykje flytrafikken har auka dei siste 30 – 40 åra. Er det naudsynte reiser? Nei, mykje er rein luksus.

Vi har i dag videokonferanseutstyr på dei fleste arbeidsplassar, men likevel reiser ein på konferansar og møter heile verda rundt. Siste grelle eksempelet er klimamøtet i Davos der deltakarane kom i privatfly for å snakke om klimakrisa.

Det vert no viktig å redusere kjøttproduksjonen fordi det er skadeleg for klimaet. Ja, menneske går i flokk, og her er nok mange som heng seg på og trur blindt på slike teoriar. Dei same menneska som reiser til Syden fire gonger i året (minst) og tek fly hit og dit fordi det er slik vanane er.

Ein må tenke seg om og – ja, bruke sunt bondevit. Det har som regel gått godt.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags