Skremselspropaganda? Klimaendringar skjer no

KLIMAKRISE: Å erklære klima- og naturkrise er eit godt tiltak som gjer at vi erkjenner at klimakrisa er reel og at alle avgjerder skal takast til det beste for klimaet, skriv Sigrid Moltumyr. Bildet er teke under klimasteik i Bergen.

KLIMAKRISE: Å erklære klima- og naturkrise er eit godt tiltak som gjer at vi erkjenner at klimakrisa er reel og at alle avgjerder skal takast til det beste for klimaet, skriv Sigrid Moltumyr. Bildet er teke under klimasteik i Bergen. Foto:

Av
DEL

LesarbrevSteffen Savland skriv 23. oktober i Firda om «Kva inneber klima- og miljøkrise» og bagatelliserer klimarørsla fordi dei byggjer på frykt. Jo, det skal eg fortelje deg. Klima- og miljøkrisa inneber at ein million artar er utryddingstrua, isbrear smeltar, øygrupper forsvinn under vatn og menneske døyr. Det handlar om at livsgrunnlaget vårt stadig vert redusert fordi jorda blir varmare av menneskeskapte klimaendringar.

Savland kallar klimakrisa i likskap med Sylvi Listhaug for «skremselspropaganda» og konstaterer at Greta Thunberg kan lite like som han om klima og miljø. Kvifor Savland kjem med det utsegna er eg usikker på, men at det er feil er eg heilt sikker på. Greta har i mange år hatt klimaangst og ho hadde blant anna ein periode der ho nekta og ete fordi angsten var så sterk.

Det er ikkje utan grunn at Greta sette seg utanfor Riksdagen – aleine. No har ho mange millionar i ryggen, men det er ikkje grunna Greta vi er redde, det er på grunn av forskinga som er heilt klokkeklar. Dersom vi ikkje kuttar utsleppa våre med 50 % innan 2030 vil alle korallrev døy, det vil vere ubebueleg mange plassar, det vil vere stor matmangel og stor risiko for fleire krigar. Og vi har trass alt berre ein sjanse, i vi har berre ei jord.

Å erklære klima- og naturkrise er eit godt tiltak som gjer at vi erkjenner at klimakrisa er reel og at alle avgjerder skal takast til det beste for klimaet. At den erklæringa er driven fram blant anna av frykt er sant, det er all grunn til å vere frykte klimaendringane. Det hastar i klimakampen og konsekvensane er store.

Det Savland kallar «skremselspropaganda» er forsking som dei fleste har forstått. Det verkar som dette ikkje har gått opp for Savland. At folk er redde er fullt forståeleg, det er eg også. Det handlar om menneskeliv og framtida vår.

Eg håpar for all del fylkestinget ser til MDG-politikk for inspirasjon. Det er klimapolitikk som funkar. Oslo har frå 2016 til 2018 kutta 16 prosent med MDG i posisjon, og la nettopp fram den grønaste plattforma noko sinne.

Du kan gjerne begynne allereie no og støtte klimarørsla for det manglar ikkje på dei gode argumenta, men eg kan ikkje garantere at det vil bli heilt utan kjensler. Klimaendringar er skummelt og då er det ikkje unaturleg og bli redd. Velkommen til klubben!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags