Global oppvarming og Aspeviks badekar

Dersom vi les dei klimarapportane som Helge Aspevik rett nok ikkje trur på, går det fram at over 90 % av den globale oppvarminga som skuldast menneskeleg påverknad har blitt tatt opp i verdshava, skriv artikkelforrfattaren

Dersom vi les dei klimarapportane som Helge Aspevik rett nok ikkje trur på, går det fram at over 90 % av den globale oppvarminga som skuldast menneskeleg påverknad har blitt tatt opp i verdshava, skriv artikkelforrfattaren Foto:

Av
DEL

LesarbrevEin kan lese mykje i Firda. No sist torsdag, den 16. oktober, kunne vi til dømes, i ein artikkel av Helge Aspevik, lese at fysikkens lover gjer menneskeskapt global oppvarming umogleg. Dette har ikkje dagens klimaforskarar forstått, og ifølge Helge Aspevik har det å gjere med at politikarane nektar forskingsmidlar og/eller seier opp forskarar som er kritiske til tesen om menneskeskapt global oppvarming.

Dette skal eg la ligge, kanskje berre nemne at i alle dei år eg har vore med på å søke forskingsmidlar frå det norske Forskingsrådet, har eg aldri opplevd at det er politikarar som handsamar søknadane. Det hadde også vore litt interessant om Helge Aspevik kunne nemnt døme på forskarar som er blitt oppsagde fordi dei er kritiske til menneskeskapt global oppvarming.

Men det som likevel slo meg som mest oppsiktsvekkande ved Helge Aspeviks artikkel, er «badekareksperimentet». Etter å ha avfeia dagens klimavitskap som politikk, går han av ein eller anna grunn over til å diskutere moglegheitene for at luft kan varme opp vatn. Eksperimentet formulerer han slik: «Om du fyller et badekar med kaldt vann og deretter prøver å varme det ved å sette et dusin ovner i rommet, tror du at vannet noen gang vil bli varmt?».

Dette hadde vore meir interessant om Helge Aspevik hadde gjort seg nytte av eit termometer og målt vasstemperaturen i badekaret straks han hadde fylt det med kaldt vatn og deretter målt temperaturen etter at dette dusinet med varmeomnar hadde fått stå på nokre timar. Det er litt uklart kva Helge Aspevik meiner med «varmt», men min hypotese, som det er mogleg å teste, er at vatnet ville blitt betydeleg varmare.

Eg bygger ikkje denne hypotesen på særleg mykje teoretisk innsikt i termodynamikk, men på litt erfaring. Eg har vore ute for at dersom eg på ein varm sommardag set meg på ei uteservering og får meg servert ein halvliter kald pils, så har den ein tendens til å bli gradvis varmare dersom eg ikkje er rask nok med å få drukke den opp.

Ei anna erfaring har eg tilbake til sommaren 2018. Det var som kjent ein ekstremt varm sommar. Eg er så heldig å ha hytte ved eit lite vatn. Tidleg i mai målte eg badetemperaturen til 11 grader like etter at isen hadde gått. I løpet av ei god veke med lufttemperatur rundt 30 grader, hadde badetemperaturen komme over 20 grader.

Dersom vi les dei klimarapportane som Helge Aspevik rett nok ikkje trur på, går det fram at over 90 % av den globale oppvarminga som skuldast menneskeleg påverknad har blitt tatt opp i verdshava. Det skal, som Aspevik nemner, mykje meir energi til for å varme opp vatn enn til å varme opp luft. Noko av grunnen til at den globale lufttemperaturen ikkje har gått meir opp enn kva tilfellet er, har difor nettopp å gjere med at så mykje av energien har gått med til å varme opp havet.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags