Eit kaldare klima  er eit herleg klima!

Av
DEL

Meiningar 

Når folk demonstrerer for at det vert sett i gang klimatiltak for å redde klima, så avslører det eit kunnskapsnivå som nærmar seg apestadiet. Finst det verkeleg tiltak som kan påverke klima?

Vi har gjennom ei årrekke vorte indoktrinerte om CO₂ sin negative verknad på klima. Men finn du verkeleg at CO₂ har hatt den verknad på klima som politikarar har hevda. Nei, og atter nei. I meir enn 99 % av kloden si klimahistorie har det vore mange gonger så mykje CO₂ i atmosfæren som i dag. For 200 millionar år sidan var det 10 gonger så mykje CO₂ i lufta som i dag og dinosaurane treivst godt for den store mengda CO₂ gav enorm plantevekst. Dei store oljefelta i Nordsjøen stammer frå den tida.

Men kor lite CO₂ betyr for klimaet finn vi for 5–600 millionar år sidan då CO₂-konsentrasjonen var 15–20 gonger høgre enn i dag, men med nokre millionar år med istid. Dersom ein har litt intelligens, så vil ein forstå at våre såkalla klimautslepp ikkje vil ha verknad på klima. Det er berre ein faktor som varmar opp Jorda og det er sola. CO₂ sin klimaeffekt følger ei logaritmisk kurve og med dagens nivå på om lag 400 ppm er meir enn 99,7 % av CO₂ sin klimaeffekt oppbrukt. Parisavtalen legg vel opp til vi skal redusere den siste 0,3 % med dyre klimatiltak som ikkje verkar.

Om CO₂ i atmosfæren aukar har det berre positiv effekt. CO₂ gjev ein grønare klode. Satellittar har fotografert Jorda sidan 1979 og funne ut at den har vorte 15 % grønare fram til no. Det stemmer lite med det som heiter grøn politikk som går ut på å redusere CO₂ i atmosfæren. Det vil føre til ein mindre grøn klode.

Det hjelper lite å demonstrere for eit betre (kaldare) klima når politikarane manglar tiltak. Men det er signal som tyder på at vi vil få eit kaldare klima likevel. Sist sommar var det vinter på Sydpolen og då vart det målt 97,7 grader minus. Det er 6 grader kaldare enn tidlegare rekord. Kanskje nærmar vi oss ei ny istid og då kan politikarane på Stortinget juble. Tenk så herleg med eit kaldare klima!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags