Fake news om klima

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeiningarVenstre-politikar Judit Kapstad hadde eit langt innlegg i Firda om fake news i lokalaviser. Det syner seg at fake news er svært utbreidd spesielt innan forsking. Ja, vi er meir utsette for fake news i nokre media enn vi skulle tru. Eg vil peike på all den fake news vi får gjennom NRK og dei store avisene her til lands om klima. Men også Venstre har sine svin på skogen. Som døme kan vi gå attende til valkampen i 1989. Venstre var eit av dei partia som hevda at havet ville stige ein meter fram til år 2000 og Maldivene ville forsvinne i havet. Dei dramatiske klimaendringane som skulde skje, hadde som årsak utslepp av klimagassen CO2. Auka konsentrasjon av CO2 i atmosfæren ville føre til at temperaturen ville stige så kraftig at isbrear på Grønland og i Antarktis ville smelte. Slik har det ikkje gått. Maldivene ligg der framleis som eit turistmål. Isen i Antarktis smeltar ikkje. Det går rykte om ny kulderekord med 100 minusgrader der nede. Er dette sant, så har vi ingen global oppvarming i og omkring Sydpolen. Tvert imot vert det stadig kaldare på den sørlege halvkule, men det kjem ikkje fram i nyheitene.

Når det gjeld NRK, så forsøkte dei nyleg å bevise at vi verkeleg har havnivåstigning ved Maldivene. Det vart synt film av eit hus på sviktande grunn i fjøresteinane som helt på å bli slukt av havet. Det skulle vere bevis for havnivåstigning. Men vi har aldri fått vite om dei forskingsresultata som syner at det aldri har vore nokon havnivåstigning der dei siste 50–60 åra. Det er veldig enkelt å konstatere, for korallane utanfor Maldivene veks oppover til dei er om lag 40 cm frå havoverflata. Då veks dei utover. Vi finn ikkje at dei øvste korallane har vokse oppover dei siste 50–60 åra. Då vert NRK sitt innslag i nyheitene frå Maldivene fake news. Det som er beklageleg er at NRK er totalt utan motinnlegg i slike saker. Når det gjeld klima er NRK totalt indoktrinert på at vi har menneskeskapte klimaendringar, sjølv om det ikkje finst vitskaplege bevis for slik påstand. Jordas klimahistorie syner at CO2 har heilt minimal innverknad på klima. Faktisk har konsentrasjonen av CO2 ikkje vore så låg som no med unntak av dei siste istider. Skulle konsentrasjonen gå nedover, vil planteveksten avta og millionar av menneske vil svelte i hel. Vi burde glede oss over høgre CO2-konsentrasjon! Men fleirtalet på Stortinget vil ha lægre konsentrasjonar av CO2. Ja, Jonas Gard Støre vil i partiprogrammet starte lagring av CO2. Det vil koste skattebetalarane dyrt. Regjeringa brukar alt minst 20 milliardar årleg på klimatiltak for å få ned konsentrasjonen av CO2. Skal vi få ei ny månelanding med Ap i regjering?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags