Storamyri ikkje lenger stor, det taper vi alle på

NYT: ikkje forbann myra, men gled deg over det myra gjev oss, og nyt gjerne det litt mystiske livet som finst der både under og over bakken, skriv kronikkforfattaren.

NYT: ikkje forbann myra, men gled deg over det myra gjev oss, og nyt gjerne det litt mystiske livet som finst der både under og over bakken, skriv kronikkforfattaren. Foto:

Av
DEL

KronikkMyr er ein truga naturart som det blir stadig mindre av – til høg kostnad for både klima og miljø. Også i fylket vårt har utbygging dei siste femti åra tatt store og øydeleggande jafs av myrene våre.

Dei fleste kjenner myr som noko fuktig, svart og svampete ein må tråkke over – og gjennom (!) – på tur i skog eller fjell. Ein blir blaut, får myggstikk og kanskje forbannar ein den. Tradisjonelt har denne naturtypen heller ikkje blitt sett særleg høg pris på – bønder og skogsfolk har gjennom hundreåra gått inn for å drenere og gjere myr om til dyrka mark og skog, jord som kunne gjere nytte for seg.

Noko myra ikkje gjorde – trudde vi. Men der tok vi grundig feil. Dei dekker små areal, men myrene våre kan vera djupe, gjerne opptil ti meter. I desse djupnene lagrar myra karbon. Dette er gull, sett i samanheng med klimakrisa, der høge utslepp bidreg til altfor mykje karbon i atmosfæren og dermed oppvarming av klimaet.

Stein Joar Hegland, økolog og professor ved Høgskulen på Vestlandet

Stein Joar Hegland, økolog og professor ved Høgskulen på Vestlandet Foto:

Vi har vore seine til å forstå kor dyrebar myra er. Myrområde i låglandet i Noreg vert stadig redusert. Historia om Storamyri er eit godt eksempel – likevel, det er ikkje for seint å snu.

Kva er myr eigentleg? Myr er torvmosar og vatn i god blanding. Dette er våtmarker, eller landområde der grunnvatnet står høgt og vegetasjonen dannar torv, og har planter som er tilpassa det spesielle miljøet. Det er dei såkalla torvmosane som herskar i myra. Torvmosane veks sakte, men godt, i vatn, og lagar sjølve eit svært surt miljø med låg pH.

På grunn av den vassmetta torvjorda er det dessutan lite oksygen i jordsmonnet og få andre artar enn torvmosar likar seg der. På overflata av myra kan det flekkvis likevel vera eit rikhaldig liv med særskilde planter og insekt, samt fugleliv og anna dyreliv – artar som trivst aller best i det våte og sure miljøet kring myra.

Myra er vår ven. Svært mykje karbon er lagra i myrene vi har i verda. Myr utgjer om lag tre prosent av landarealet globalt, men inneheld så mykje som 25 prosent av all karbon som er lagra i jord. Dermed ikkje vanskeleg å forstå at myrer er verdt å ta vare på for å unngå auka utslepp av drivhusgassar.

I tillegg til å vera ein alliansepartnar innan klimatiltak for lagring av karbon og CO₂, så er myrene fenomenale flaumdemparar. Torvmosane har evna til å ta opp i seg 20 gonger eigenvekta si i vatn – enorme mengder samanlikna med til dømes bomull, som berre tek opp i seg 4–5 gonger eigenvekta si.

Myrareala er flate og frie for stein og liknande hindringar, og har difor vore attraktive for oppdyrking og skogplanting gjennom drenering, eller for større utbyggingar av infrastruktur eller industri, i tillegg til torvuttak for brensel og plantejord. Slike flate område er ofte mangelvare i her i våre fjordlandskap, og dermed freistande for mange slags bruk.

Dette tapet har sist blitt aktualisert gjennom det Internasjonale Naturpanelet (IPBES) sin rapport som vart publisert i år, og no også ein spesialrapport om land og klima frå FN sitt Klimapanel (IPCC). Rapportane har poengtert tap av areal som det kanskje aller viktigaste ein må gripe fatt i for å redusere klimautslepp og bremse klimaendringane.

Litt forenkla så svarar inngrepa i Storamyri til det årlege utsleppet til 8000 dieselbilar. Kaupanger sin befolkning må køyre lenge i elbilar før dei har «spart» opp dette utsleppet.

Masteroppgåve avslører dramatiske endringar: Kaupanger i indre Sogn har, med sine relativt store og flate areal, vore ein ynda stad for regionalt viktig og plasskrevjande utbygging som flyplass, industri, og bustader. Masterstudent Birgitte Landmark undersøkte gjennom analysar av historiske flyfoto og kartmateriale korleis myrarealet hadde endra seg frå 1963 til 2017.

Vidare brukte ho georadar for å rekne ut volumet på myra, supplert med torvprøvar, for å rekne på karbonmengda i ei slik myr. Storamyri ligg ved Flyplassvegen om lag 400 meter over havet, og var på om lag fem meter på sitt djupaste. For heile studieområdet estimerte Landmark at vi sidan 1963 har tapt lagring av 26.950 tonn karbon i myr. Litt forenkla så svarar dette til det årlege utsleppet til 8000 dieselbilar. Kaupanger sin befolkning må køyre lenge i elbilar før dei har «spart» opp dette utsleppet.

Myrene har også blitt tørrare. Landmark sine analysar viser også at mengda av heilt open myr er redusert frå om lag 50 prosent av myrarealet i 1963 til skarve 16 prosent i 2017. Her spelar infrastruktur, drenering og eit generelt sett tørrare og varmare klima i regionen vår, ei rolle. Skogen tek, under slike tørrare forhold, altså eit jafs av myra.

Kva kan vi som samfunn gjere for å ta vare på slike viktige økosystem og dei gratistenestene dei gjev oss? Kunnskap og refleksjon er det første steget. Fagfolk i kommunar, region og stat må vita kor øydeleggande det er å legge ein veg eller eit anna inngrep i myr og andre våtmarker. Politikarane våre må så prioritera basert på den beste kunnskapen.

Det andre steget er å ta vare på og ikkje berre tenke på myr, eller andre naturtypar, som flatt utbyggingsareal. Så enkelt og tydelegvis så vanskeleg i praksis. Masteroppgåva til Landmark synte at spesielt i utbyggingssona i låglandet (det vil seie under 500 meter over havet) var det lite myrareal att, og at attgroinga av myr her også gjekk spesielt fort.

Den tredje måten å tilnærma seg utfordringa på er å reparere på skadane som har skjedd, også kalla økologisk restaurering. Myr kan også restaurerast. Enklast er det når myr er dyrka opp eller drenert. Då kan ein rydde skog, plugge grøftene og heva vasstanden.

Augeopnar også for oss fagfolk: Også for oss miljø- og naturvitarar på høgskulen har masteroppgåva til Landmark vore ein augeopnar. Myr er ikkje noko vi tradisjonelt har brukt tida vår på, eller kanskje heilt forstått betydninga av. Dette viser at vi alle må og kan lære heile tida, og at studentar og unge folk gjerne sit på nøkkelen til gode og kunnskapsbaserte løysingar til beste for folk, miljøet og planeten i framtida.

Så ikkje forbann myra, men gled deg over det myra gjev oss, og nyt gjerne det litt mystiske livet som finst der både under og over bakken!


Forskingsdagane

  • Forskingsdagane er eit årleg, nasjonalt arrangement med mål om å bringe forsking ut til folket
  • I år er tema for Forskingsdagane «Miljøklemma»
  • I samband med dette har fagfolk ved Høgskulen på Vestlandet skrive kronikkar med miljø som tema
Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags