Karbon, kjøt, klima og ku – eit livsviktig samspel

IKKJE VERSTING: Ammeku basert på lokale beite- og grasressursar. Denne produksjonsforma står fram ofte i det offentlege ordskiftet som ein «klimaversting».  Det stemmer ikkje skriv artikkelforfattaren. På eit mellomstort vestlandsk gardsbruk, kan oppnå ein CO₂-fangst på 350 tonn kvart år.

IKKJE VERSTING: Ammeku basert på lokale beite- og grasressursar. Denne produksjonsforma står fram ofte i det offentlege ordskiftet som ein «klimaversting». Det stemmer ikkje skriv artikkelforfattaren. På eit mellomstort vestlandsk gardsbruk, kan oppnå ein CO₂-fangst på 350 tonn kvart år. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Våre store drøvtyggarar og landbruket er ein lågt hengande frukt i karbonsamanheng! «Det er ikkje kua, men korleis» er ei brukbar oversetting av «it’s not the cow, but how». Eit kort og konsist ordspel som femner ein sterkt veksande kunnskap om dei livsviktige biologiske samanhengane mellom beitedyr, gras og mikrolivet i jorda.

Det går årleg tapt skremmande mengder matjord grunna erosjon, som primært skuldast intensivt landbruk basert på høg bruk av sprøytemiddel, mineralgjødsling og pløying. I staden for ein slik nedbrytande måte å drive jorda, må landbruket leggast om til ein regenerativ/oppbyggande driftsform. Då bygger ein matjord i staden for å bryte ned, og store mengder karbon kan bindast i stabile mineraliserte former i jorda.

Målet ved det regenerative landbruket er å legge best mogleg til rette for det mikrobielle livet i matjorda, frå dei minste bakteriar og soppnettverk til meitemarken. Stikkord her er artsrikdom, permanent jorddekke, biokol, kompostering eller fermentering av naturgjødsel og balanse i næringssalt.

Det er eit fantastisk samspel mellom planterøtene og mikrobelivet; røtene slepp ut «næringspakkar» i byte mot oppløyste næringsstoff. Næringa mikrobelivet får frå plantane er sukker; karbonbindingar som oppstår i bladverket under fotosyntesen. Dette karbonet tar planta frå lufta i form av CO₂. Med godt utvikla og variert jordliv er det synt at opp til 70 prosent av karbonet planten tek opp vert frakta ned til røtene, der det står fram som ei ettertrakta «byttevare» for bakteriar og sopp. Mykje av dette karbonet vert så mineralisert og omdanna til humus, ei svært bestandig karbonform som er heilt sentral for matjorda sine livgjevande funksjonar. Ein oppnår ein vinn-vinn situasjon; optimale vekstforhold og gode avlingar kombinert med bygging av matjord.

Øystein Furnes

Øystein Furnes Foto:

Vert humusmengda i landjorda auka med ein prosent tilsvararar dette at ein bind 12,5 tonn CO₂ pr. mål. Kor mykje ein faktisk klarar å auke humusmengda kan målast, og varierer ut frå fysiske eigenskapar med jorda, dreneringsforhold og ikkje minst driftsform. Studiar har synt at ein ved gode driftsformer kan auke humusmengda kring 0,1 – 0,2 prosent pr. år. Dette kan høyrest lite ut, men det utgjer altså 1,25 – 2,5 tonn CO₂ pr. mål landbruksjord. Vidare kan målretta beitestrategiar, der ein har hyppige beiteskifte for å unngå nedbeiting, gje liknande resultat i beitemarka.

Vår eigen produksjon er kjøt frå ammeku basert på lokale beite- og grasressursar. Denne produksjonsforma står fram ofte i det offentlege ordskiftet som ein «klimaversting». Det vert rekna at kvart kilo kjøt produsert på denne måten har eit samla karbonavtrykk på 35 kg CO₂. Vi produserer tre tonn kjøt kvart år, og slepp altså om lag 100 tonn CO₂ ut i atmosfæren. Om vi kan klare å auke humusmengda med 0,1 prosent årleg i engene våre og 0,05 prosent årleg i beitemarkene våre, vert reknestykket annleis. 110 mål eng og 500–600 mål beitemark vil då gje ein samla karbonfangst på 450 tonn årleg. Netto er resultatet at vår driftsform, på eit mellomstort vestlandsk gardsbruk, kan oppnå ein CO₂-fangst på 350 tonn kvart år.

Vestlandet har store utmarksområde som er godt eigna for beiting. Utover dei openberre effektane mot attgroing, gjev slik driftsform ei effektiv utnytting av ressursar som elles ikkje kunne blitt til menneskemat; ved å passere drøvtyggarmagane vert gras og urter omgjort frå ufordøyelege karbonforbindingar til næringsrikt kjøt.

I byte gjev dyra eit jamt tilsig av avføring og urin til beitejorda dei går på, noko som «boostar» mikrobelivet i jorda. Nyttar ein strategiar for hyppig flytting av dyra, rekk dei ikkje beite graset ned. Mykje av bladverket er intakt, fotosyntesen er effektiv, og graset er i stand til å produsere energi som sikrar rask gjenvekst. I det vitale graset er det eit vedvarande samspel mellom rotsystemet og jordelivet – og karbon vert «pumpa» ned i jorda der det kan bindast. Vidare gjev det auka artsmangfaldet betra tilhøve for både insekt- og dyreliv.

Vi står framfor store utfordringar både som verdssamfunn og lokalsamfunn. Det moderne landbruket har absolutt vore ein av mange bidragande faktorar til dagens situasjon med eit alarmerande tap i artsmangfald, tap av matjord og aukande klimautfordringar. Det vert leita etter teknikkar for binding av CO₂ frå atmosfæren – teknikkar som jord- og plantelivet har nytta seg av i millionar av år.

Framtidas landbruk har ein unik sjanse til å spele på lag med desse livsprosessane. Sunnfjord kommune bør som den største landbrukskommunen i Vestland fylke ta mål av seg til aktivt å delta i dette skiftet. Voss kommune har, i samarbeid med fylkesmannen i Vestland, Norsk landbruksrådgjeving og Bondelaget på Voss starta eit fleirårig prosjekt som skal utforske karbonfangst i vossalandbruket.

Tidlegare i haust heldt desse aktørane kurs i regenerativt landbruk. Kurset var fullteikna med lange ventelister, med engasjerte og framtidsretta bønder frå heile fylket som aktive og inspirerte deltakarar. Vi ser med spaning og forventing fram mot omlegging i eiga drift, og gler oss over at det no opnar seg kunnskap og moglegheiter som både bønder, gartnarar og alle med kjøkenhage kan delta i.

For den som ønskjer å lese meir om regenerativt landbruk kan www.amazingcarbon.com tilrådast som ein god start. «From Dirt to Soil» er ei bok skrive av ein av nestorane innan denne landbruksforma. Filmen «The Biggest Little Farm» frå 2018 gjev og eit bilde av korleis det kan tenkast nytt i landbruket.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags