Kan vi ete oss ut av miljøproblema?

MILJØMAT: – Det er betre å ete raudt kjøtt frå Breim, enn avokado frå Chile, skriv Anders Felde.

MILJØMAT: – Det er betre å ete raudt kjøtt frå Breim, enn avokado frå Chile, skriv Anders Felde. Foto:

Av
DEL

MeiningarNei, sjølvsagt kan vi ikkje det. Nokre ser likevel ut til å tru det, og dei får etter kvart meir og meir spalteplass. Veganarar og andre som droppar kjøtt er heilt greitt, vi har ingenting imot dei, men når dei dreg klimaargumentet er det all grunn til å sette dei på plass.

Veganarane må ete kva dei vil for oss bøndene, men kom ikkje med argumentet om at ein vil kutte kjøttet for å berge jorda frå miljøproblema. Vi kan ete både kjøtt og raudt kjøtt som i dag, og likevel berge klima. Ja, drøvtyggaren rapar metan som er ein klimagass som ikkje er bra. Ja, drøvtyggaren et mykje gras gjennom beiting og vinterfôr som bind CO2. Det er med andre ord både ei plusside og ei minusside i miljørekneskapen.

Forskinga viser langt større binding av CO2 i vekstar som blir beita i fjellet, enn i busker og kratt som tek over i område der beitedyra har flytta ut. Beitinga legg også til rette for eit stort biologisk mangfald. Det fantastiske med drøvtyggarane er at dei forvandlar grønt gras til feitt og protein som vi menneska treng. Det å i heile teke nemne raudt kjøtt i same andedrag som fossilt drivstoff, viser at ein ikkje forstår grunnen til miljøproblema vi står overfor.

Med klimagode kyr og sauer som vinnarar i framtidig avlsprogram, med riktig og klimagodt kraftfôr og grovfôr, så skal landbruket få utsleppa ned i tida framover. Vi veit også at 70 prosent av kjøtet frå storfe kjem frå mjølkebesetningane som i tillegg til kjøtet produserer mengder av verdas beste mjølk. Når husdyrgjødsla i framtida også produserer «grønt» drivstoff, så kan du fortsette å ete kjøttdeig og biff med det beste samvit.

Mange slenger rundt seg med kutt i kjøttforbruk som det store grepet vi som enkeltpersonar kan gjere i forhold til miljøutfordringane, men dette er skivebom. For det første må vi kutte i bruken av fossile drivstoff. Overgang til elbil, kutt i flyreiser og kutt i fossile kjelder til energiproduksjon er grepa som monnar. Kanskje må vi nøye oss med å sjå bilde frå Thailand i framtida framfor å reise dit, dersom vi ynskjer å kutte i utsleppa.

Når det gjeld mat bør vi kutte mest mogeleg i transporten av mat på verdshava. Det betyr at det er betre å ete raudt kjøtt frå Breim, enn avokado frå Chile. Men sjølvsagt skal vi auke forbruket av norsk frukt, bær og grønt. Det er bra for helsa, bra for klima og bra for verdiskapinga innanskjærs. Kasting av mat er også noko som er negativt for klima, og her har både matkjeder, matindustri og folk flest ein jobb å gjere for å bidra til eit betre klima.

Dersom folk flest i tillegg greier å kutte i det materielle forbruket, so vil mykje vere gjort.

Folk flest må endre seg og forbruket sitt dersom vi skal gjere noko med miljøutfordringane, men akkurat det raude kjøtet kan eit framleis ete med godt miljøsamvit.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags