Har verkeleg våre utslepp av CO2 nokon verknad på klima?

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeiningarDagleg får vi informasjon om at vi har dramatiske klimaendringar. Alle ekspertar påstår at vi no har så høge konsentrasjonar av CO2 i lufta at temperaturen vil stige kraftig. Men går vi attende til siste istid, så steig temperaturen om lag tusen år før CO2 tok til å stige. Det var altså ikkje CO2 som førte til at temperaturen gjekk opp, men temperaturen som gjorde at CO2 steig.

I heile jorda si klimahistorie har vi aldri hatt så låge konsentrasjonar av CO2 som no, bortsett frå istidene. Eit døme på kor lite CO2 betyr for klima hadde vi for 600 millionar år sidan. Då var CO2-konsentrasjonen 7000 ppm, mot 400 i dag. Men det vart likevel istid!

For 8000 år sidan var Golfstraumen 4 grader varmare enn i dag og det vaks varmekjære treslag heilt opp til dagens tregrense. Når vi i dag kan grave opp enorme røter frå gigantiske tre oppe i Dvergsdalsdalen på 500 meter over havet, så er det eit bevis på at det lenge før vi køyrde bil var eit dramatisk varmare klima enn i dag. Å snakke om dramatisk negative klimaendringar i dag vert reint tøv. Det er totalt uintelligent å kalle CO2 for ei forureining. Det er tvert om positivt med meir CO2 i atmosfæren for då får vi større avlingar i jordbruket.

Alt på 60-talet tilsette dei CO2 i drivhus for å auke veksten på tomatane. Vi finn ingen negativ verknad av CO2. Då vert det heilt meiningslaust å bruke milliardar på klimatiltak for å redusere utslepp av CO2. Men det ser ut som politikarar og presse er totalt indoktrinerte med klimapåstandar som ikkje har nokon som helst bakgrunn i denne kloden si klimahistorie. CO2 har aldri hatt nokon påverknad på klima, men den er den viktigaste gassen for alt liv på jorda. Den dagen konsentrasjonen går nedover, den dagen vil milliardar av menneske svelte i hel.

Er klimapolitikken laga av idiotar?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags