Må vi få ei ny istid før klimaforskarar forstår at CO2 ikkje styrer klima?

Av
DEL

Lesarbrev
Dersom klimaforskaren Carlo Aall får det som han vil, så vil det nok bli straffbart å ete raudt kjøt . Han meiner at å ete raudt kjøt er skadeleg for klima. Mitt spørsmål til han er kva slags vitskaplege bevis han har for å kome med slike påstandar i Firda den 25.10.2019.

Vitskapen har tidlegare basert seg på at klimaverknaden av CO2 fylgjer ei logaritmisk kurve der dei første 20 ppm gjev om lag 1,7 grader auke i temperaturen. Men så går effekten dramatisk nedover på dei neste 20 ppm til berre 0,35 grader og på dei fylgjande 20 ppm, berre 0,2 grader.

Når konsentrasjonen kjem opp på dagens nivå på om lag 400 ppm, har vi att berre 0.2% av CO2 sin klimaeffekt. Det utgjer 0,0046 grader og temperaturen vil ikkje auke merkbart om vi dobblar våre utslepp og et raudt kjøt. Gjev dette grunnlag for å setje i gang dyre klimatiltak med reduksjon av utslepp av CO2, når CO2 har så liten effekt på klima?

Klimapolitikk kan ikkje seiast å vere basert på rein vitskap, men på politikk, og klimaforskarar som Carlo Aall står tydeleg på ytterste venstre side i politikken der CO2 ikkje er livets gass og det vi lever av, men ei farleg forureining som kan skade klima på Jorda. Denne politikken har vorte grunnlagt av Al Gore og Gro Harlem Bruntland.

Al Gore la ikkje i sin film kurvene for CO2 og temperaturen opp på einannan, men sa berre: Sjå kor like dei er! Hadde han lagt dei opp på einannan, ville alle kunne sjå at det er ikkje CO2 som styrer klima, men temperaturen i havet.

Gro var formann i Verdenskommisjonen for Miljø og utvikling. I Boka Vår felles framtid freistar ho i 1987 å gje eit grunnlag for at CO2 har stor innverknad på klima. På side 35 står fylgjande: «Drivhuseffekten» er en slik trussel mot de systemene som opprettholder livet på Jorden. Den skyldes økt resursbruk. Forbrenning av fossilt brensel og nedhogging og brenning av skoger frigjør karbondioksid (CO2). Opphoping av CO2 og visse andre gasser i atmosfæren fanger opp stråling fra solen og forårsaker global oppvarming. Sitat slutt.

Kan Carlo Aall gå god for at Gro sine påstander er eit godt grunnlag for å drive klimapolitikk på? Cicero vart oppretta av Gro for å bevise at hennar påstandar om klima var riktige. Sjølv om Cicero har vorte politisk styrt ( no av Kristin Halvorsen, SV) har dei aldri kunne bevise at sola si oppvarming av CO2 har noko med klima å gjere eller at drivhuseffekten er skadeleg. Men FN sitt klimapanel vart oppretta like etterpå og har ført Gro sin tankegang vidare.

I IPCC sine klimamodellar frå 90-talet var det innlagt at auke i CO2-konsentrasjonen ville føre til dramatisk oppgang i temperaturen. Det har ikkje sjedd, så grunnlaget for IPCC sine påstander om CO2 sin verknad på klima har ikkje slått til. Ingen klimaforskar har kunne påvise at CO2 er avgjerande for klima.

Hugs at det ein gong var heile 80% CO2 i atmosfæren mot no berre 0,04%,altså 2000 gonger meir enn i dag. Då må det etter Cato Aall sine vurderingar ha vore klimakrise i milliardar av år. Kan nemne at det var ein gong ei lang istid med 20 gonger meir CO2 i atmosfæren enn i dag. Eg ventar at Carlo Aall kan gje ei skikkeleg forklaring på kvifor han vil forby eting av raudt kjøt som truleg ikkje har meir verknad på klima enn musa som pissar i havet. Stopp klimagalskapen!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags