Kunnskapslaust om klima

ISTIDER: Eitt av dei mest brukte argumenta til Magne Dvergsdal er at sidan temperaturen endra seg før CO2-nivået ved inn- og utgang til tidlegare istider, så kan ikkje CO2 vere årsak til dagens globale oppvarming. Han vil òg ha oss til å tru at Cicero og Vestlandsforsking meiner at CO2 er den einaste faktoren som styrer klimaet. Det blir sjølvsagt totalt feil, skriv artikkelforfattaren..

ISTIDER: Eitt av dei mest brukte argumenta til Magne Dvergsdal er at sidan temperaturen endra seg før CO2-nivået ved inn- og utgang til tidlegare istider, så kan ikkje CO2 vere årsak til dagens globale oppvarming. Han vil òg ha oss til å tru at Cicero og Vestlandsforsking meiner at CO2 er den einaste faktoren som styrer klimaet. Det blir sjølvsagt totalt feil, skriv artikkelforfattaren.. Foto:

Av
DEL

LesarbrevOnsdag den 13. november i fjor måtte Firda beklage for at dei publiserte eit lesarinnlegg med tittelen «Termodynamikken gjør menneskeskapt global oppvarming umulig», skrive av Helge Aspevik. Dette innlegget konkluderte, heilt feilaktig, med at menneskeskapte klimaendringar ikkje er mogleg innanfor dei fysiske lovene.

I og med at innlegget vart flittig delt i sosiale media fekk det stor publisitet. Naturleg nok var det òg mange, med meir enn ungdomsskulepensum i naturfag, som protesterte kraftig på påstandane. Det gjekk så langt at faktisk.no tok ein gjennomgang av faktagrunnlaget i lesarinnlegget og konkluderte med at påstanden var feil. Men dette er ikkje første gongen det dukkar opp lesarinnlegg i Firda som fornektar vitskap, og da som oftast relatert til klimaforsking. Blant anna har Magne Dvergsdal omtrent månadleg lufta sine tankar om klima i Firda.

Det er derfor bra av Firda å seie seg leie for at dei ikkje hadde teke seg bryet med å faktasjekke lesarinnlegget til Helge Aspevik, og eg hadde eit visst håp at dette skulle setje presedens for framtida. Men den 21. januar var det slutt, da kom Sogn og Fjordane sin største distributør av fake news, Magne Dvergsdal, med eit nok eit lesarinnlegg i Firda; «Klima let seg ikkje styre av politikarar». Når no Firda lèt Magne Dvergsdal sleppe til nok ein gong kan ein i grunnen lure på djupt denne beklaginga satt. Tok det berre to månader å gløyme at kjeldekritikk er viktig, eller var beklaginga berre brannslukking for å komme seg unna ein situasjon som vart i overkant pinleg for avisa?

Eg skal gå i gjennom lesarinnlegget. Magne Dvergsdal har som vanleg ikkje noko nytt å komme med, han gjentek berre påstandar som har vorte tilbakevist før.

Eitt av dei mest brukte argumenta til Magne Dvergsdal er at sidan temperaturen endra seg før CO2-nivået ved inn- og utgang til tidlegare istider, så kan ikkje CO2 vere årsak til dagens globale oppvarming. Han vil òg ha oss til å tru at Cicero og Vestlandsforsking meiner at CO2 er den einaste faktoren som styrer klimaet. Det blir sjølvsagt totalt feil.

Det er ingen klimaforskar som har vanskar med å forklare kvifor istidene var kalde, og at det var varmare i Noreg for 6000 år sidan. Dette er kjend vitskap og forklart ved at vinkelen på jordaksen endrar seg i ulike syklusar og dermed òg endrar solinnstrålinga.
Det er òg kjend vitskap at den endra CO2-konstentrasjonen som kom i samband med inn- og utgangen av istidene var med på å forsterke temperaturendringane. Kulda under istidene kan ikkje berre forklarast ut i frå endring i solinnstrålinga, minkande CO2-innhald i atmosfæren vil gje enda lågare temperaturar grunna svekka drivhuseffekt.

Magne Dvergsdal vil òg ta oss med til ei istid for 450 millionar år sidan, da CO2-innhaldet i atmosfæren var 15-20 gonger høgare enn i dag. For dette må jo, i følgje Magne Dvergsdal, vise at CO2 ikkje har nokon innverknad på klima! Men Magne Dvergsdal «gløymer» å nemne at Afrika og Sør-Amerika gjekk heilt sør til Sørpolen på den tida, og med eit superkontinent plassert på sørpolen treng ikkje CO2-nivået vere like lågt for at det skal danne seg ei stor iskappe. Eit anna moment er at sola var omlag 4 til 5 prosent svakare på den tida. Dobling av CO2 tilsvarar 1,5 til 2 prosent sterkare sol.

Til slutt går Magne Dvergsdal til åtak mot Stortingsrepresentantane og kallar dei kunnskapslause. Det er greitt nok å stille spørsmål rundt dei klimatiltaka som blir gjennomført av overivrige politikarar og kor stor verknad desse tiltaka har. Men å kalle politikarane våre for kunnskapslause når dei lyttar på fagfolk blir for dumt. Og når Magne Dvergsdal nok ein gong sjølv viser at han er totalt uvitande på feltet, så blir den påstanden direkte komisk.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags