Kanskje jorda er flat?

GLANSBILDE: Kjell Aage Udberg trur ikkje at Førdepakken kan bidra til god sentrumsutvikling, han meiner illustrasjonane er glansbilde.

GLANSBILDE: Kjell Aage Udberg trur ikkje at Førdepakken kan bidra til god sentrumsutvikling, han meiner illustrasjonane er glansbilde. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Firda melder 5. august at Førdepakken rustar seg til kamp for å unngå fleire omkampar om tema ein meiner er ferdig handsama.

På heimesida til Statens vegvesen står fylgjande: «Formålet med Førdepakken er å bidra til ei god sentrumsutvikling i Førde. Dette skal gjerast ved å etablere veglenker som på sikt vil gi ein meir konsentrert arealbruk og byggje eit betre tilbod til gåande og syklande, slik at ein større del av reisene sentralt i Førde skal bli tekne av mjuke trafikantar. Fleire veglenker og meir gåing og sykling vil gi betre trafikkavvikling i sentrale delar av Førde.»

Statens vegvesen inviterer Sunnfjord kommune og Vestland fylkeskommune med på eit spleiselag for å lage informasjon med mål om å nå «den vanlege borgar» i Sunnfjord kommune om tema som ein meiner er ferdig behandla, og misforståingar knytt til kva trafikale utfordringar Førdepakken kan og skal løyse. Ein kommunedelplan er omgjort til eit prosjekt som skal gjennomførast etter vegvesenet sitt avkryssingsskjema slik at planen ikkje kan rullerast etter vanlege planprinsipp.

Vi som ikkje har skjøna dette, skal endeleg få ei forklaring på korleis dette heng saman. Det skal nå settast i gang arbeid med kommunikasjon for å få fram bodskapen om den store velsigninga som denne pakken vil medføre, og Statens vegvesen foreslår derfor at no skal det brukast meir pengar på å få folk til å forstå at trafikktal skal bestemme korleis ein by skal sjå ut. Var det kanskje ein betre idé å bruke pengar på å sjå kva som kan gjerast annleis?

Det er meir nærliggande å oppfatte dette som eit frekt forsøk på å kneble dei innvendingane som har komme mot Førdepakken basert på sunn fornuft og fagleg innsikt, men ein kan kanskje håpe på at Statens vegvesen ryddar opp i feilinformasjon.

Kommunedelplanen for trafikk Førde sentrum er utarbeidd og tilrådd av Statens vegvesen (vedtatt av Bystyret). Hovudvekting av alternativ er gjort ut frå nytten for køyrande etter ei framskriving av trafikktal. Trafikkanalysar er ei øving Statens vegvesen beherskar og kan bruke som argument i vekting av prosjekt. Men vesentlege manglar i denne trafikkplanen er målpunkt for bilistar og tilrettelegging for fotgjengarkryssing av vegar som vil bli barrierar i deler av bysentrum. Korleis ein skal oppnå god sentrumsutvikling er ikkje eg i stand til å forstå ut frå plandokumentet.

Statens vegvesen har brukt mykje energi på å forklare Førdepakken og deler av pakken. Detaljplanar er framstilt som reine glansbilde av typen manipulerande. Døme på dette er planen for Langebruvegen til Øyrane der det og blir hevda at denne vegen er naudsynt for å bygge ut Indre Øyrane. Eg kan ikkje sjå dette behovet når det vert lagt opp til svært avgrensa parkering ved ny skule og eit handelsareal som er direkte knytt til utvida rundkøyring. Ein ev. veg over Firda billag som trafikalt kan sidestillast med veg til Langebruvegen, vil verte naudsynt for å kunne utvikle ein god kollektivterminal med fleire mogelege tilkomstar til riksveg 5.

Innvendingane mot trafikkplanen har stort sett retta seg mot løysing av framtidig riksveg 5. Dette vil i framtida vere innfartsvegen til Førde frå alle himmelretningar. Trafikk gjennom sentrum som forsvinn ved bygging av ny E39 vil i stor grad bli erstatta av trafikk frå vest som skal vidare mot sør (via ny E39). Løysinga med å ruste opp Fjellvegen til å ta ei framtidig trafikk som svarar til dagens trafikkmengd og plassere framtidig trafikkauke gjennom rekreasjonsområde og framtidige bustadområde er meiningslaust dersom folk skal bu i sentrum.

Når trafikkplanen (Førdepakken) vart presentert for det nye kommunestyret januar 2020, var det konsekvent snakka om E39 når det galdt Fjellvegen og ev. tunnel, og at det var umogeleg å få denne tunnelen inn som konkurrent til E39 utanom sentrum. Også i detaljplanar for Fjellvegen er den kalla E39, sjølv om det etter trafikkplanen er riksveg 5. Det er derfor underleg at ein tunnel bak Førde hotell blir omtalt som eigarlaus og eit mogeleg kommunalt ansvar. Riksveg 5 er hovudvegen frå Florø til Lærdal og dette er ein veg som har ei rekke tunnelar og også kan ha ein tunnel til gjennom Førde sentrum. Riksveg 5 var plassert i tunnel bak Førde hotell i tidlegare planar.

Dersom Førdepakken med informasjonstiltak, utan å revidere trafikkplanen, skal overtyde meg om at dette er løysinga for god byutvikling i Førde, trur eg at ein like godt kan prøve å overtyde meg om at jorda er flat.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags