Kan det tenkjast?

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Vi er over verste kneika, seier optimistane. Kurvene peikar oppover, restriksjonane kan lettast, samfunnsmaskineriet kjem litt etter litt i gang, sjølv om det knirkar og slurar no i starten.

No skal vi på nytt opne arbeidsplassar, og permittert og ledig arbeidskraft kan starte opp att produksjon og tenesteytingar.
På Stortinget kan overarbeidde og stressa politikarar klappe for den felles dugnaden som viste veg mot dei optimale løysingane -vel og merke med god hjelp av oppspart oljeformue.

Så kjem ein vel i gang med dei vanlege markeringane som den gamle partistrukturen har tømra saman i dei «gode, gamle dagane», ikkje minst av di å kome i gang med valkampen er blitt ei hastesak. Gamle partiprogram vert nok justerte, kanskje endra ut frå dei røynslene som samarbeidsvekene i Stortinget har lagt grunnlag for.

Men å vone på at dette kan føre til ei samlingsregjering er vel som å tru på julenissen?

Fantasien har vide grenser, og eg har leika med nokre tankar som ikkje gir meg ro før eg har lagt dei fram for Firda sin redaktør:

Premissane som ligg til grunn, kan rangerast litt tilfeldig, men resultatet kan bli til velsigning for mange:

1. Våre produkt og tenester skal ha eksportverdi, ikkje berre halde hjula her heime i gang.
2. Den økonomiske krisa er/blir verdsomspennande, og vi kan ikkje forvente same eksportvolum som før krisa.
3. Nord-Afrika – frå Egypt i aust- til Atlanteren i vest er truga av enorme grashoppesvermar som legg avlingane aude og
gjer livgjevande avlingar om til skrikande hungersnaud og millionar av menneske på flukt.

4. Vår regjering gjev årleg ei U-hjelp til ein verdi av ca. 1 prosent av BNP. Hjelpa vert for det meste kanalisert frå stat-til-stat på
regjeringsnivå. Røynsle har vist at lite hjelp viser lite att på grasrotnivå, medan korrupsjonen i leiarsjiktet forvaltar vår u-hjelp til eigen bate.

Om vi produserer fiskemjøl, -olje og tørrvarer som er rike på protein/vitamin som U-hjelp i staden for å overføre kontantar
kan vi halde hjula i gang her heime, og U-hjelpa i kontrollerte former når dit den skal.

Ved å gi naudhjelp som proviant i staden for pengar som lett hamnar i lomma på våpenprodusentar, blir hjelpa til best
nytte både for gjevar og mottakar. Og introduksjon av matprodukt av norsk fisk, gir gratis reklame og marknadstilgang når
verdsbildet etter kvart kjem på hengslene att.

Kan tankane bli vurderte i samfunnsdebatten om vegen vidare?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags