Kampen om pengar til E39

No står kampen om å få den nye traseen frå Langeland til Bruland inn i første periode i Nasjonal Transportplan, skriv Jenny Følling.

No står kampen om å få den nye traseen frå Langeland til Bruland inn i første periode i Nasjonal Transportplan, skriv Jenny Følling. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

E39 er hovudpulsåra nord-sør som bind saman Vestlandet. E39 er eit nasjonalt satsingsprosjekt, og Vestland fylkeskommune har prioritert opprusting av E39 i sin høyringsuttale til Nasjonal Transportplan.

Førde er den største byen mellom Bergen og Ålesund. Dagens E39 gjennom Førde er smal, bratt og svingete, og har høg trafikk – 13.500 i året. Vegen har mange ulykker og til tider kø gjennom sentrum. Der er mange skuleborn og kryssande trafikk. E39 går også gjennom Halbrendslia som er eit mareritt for vogntog og vegfarande vinterstid.

Å få gjennomgangstrafikken på E39 ut av Førde sentrum vil vere både framtidsretta og miljøvennleg. Det vert tryggare og betre for dei som bur og oppheld seg i Førde, og det gir innspart reisetid for vegfarande på E39.

No står kampen om å få dette viktige prosjektet inn i første periode i Nasjonal Transportplan.

Den nye traseen frå Langeland til Bruland gjev ei innkorting på 4,2 km. Det gjev betydeleg redusert reisetid på E39. Parsellen er kostnadsrekna til 2,9 milliardar. Kostnadsoptimaliserande tiltak har gitt nesten ein milliard i kostnadskutt. Innsparinga kan faktisk finansiere flaskehalsen forbi Vadheim, som er kostnadsrekna til vel ein milliard. Desse prosjekta vil gi ein betydeleg klimagevinst og ikkje minst betre tryggleiken på E39. Dessutan vil det bli ein langt betre beredskapssituasjon.

Vi er veldig glade for at strekninga Myrmel-Lunde blir starta opp no. Vi forventar at Bogstunnelen – Gaular grense og punktvise utbetringar mellom Sandane og Byrkjelo, som ligg inne i dagens NTP, blir med vidare og finn si løysing. Det er avgjerande at vi får ny E39 utanom Førde inn i første periode i NTP. Vidare har vi prioritert strekninga Førde – Moskog, og Byrkjelo-Svarstad som har høg samfunnsnytte og gir minst ei tidsinnsparing på 24 minutt. Få andre prosjekt på E39 har høgare positiv tidseffekt.

Vi er forundra over at dei to raspunkta Våtedalen og Skjerdsurda, som ligg inne i dagens NTP, ikkje er med på Statens vegvesen si prioriteringsliste. Potten til rassikring må aukst slik at vi får fjerna dei farlegaste raspunkta på E39.

Samferdsledepartementet gav Statens vegvesen i oppgåve å prioritere prosjekt med «høg samfunnsøkonomisk nytte». Det favoriserer dei store byane. Få prosjekt i distrikta når opp. Sjølv om E39 manglar gul midtstripe, har smale parti som manglar passering for to bilar og har rasutsette område, så fell dei utanfor. Ei slik utvikling svekker norsk konkurransekraft.

Difor må prinsipp som tenleg standard, krav til tryggleik og god framkomst vektast høgare. Det må settast minimumskrav om gul midtstripe og to køyrefelt på Europaveger. Ein soleklar faktor for å lukkast på Vestlandet er å binde landsdelen saman med ein god E39.

Vi set vår lit til at Samferdsleminister Knut Arild Hareide vil prioritere prosjekta våre på E39. E39 Flaskehalsane på E39 er den klart største utfordringa for regionen mellom Bergen og Ålesund.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken