Løynleg ikring oss dei går

ENGLAR: Dei dukkar opp rundt juletider. I juledekorasjonar, i juleutstillingar, i julehefte eller som pynt på juletreet. Englane som skal minne oss om at det finst verkelege englar, skriv artikkelforfattaren.

ENGLAR: Dei dukkar opp rundt juletider. I juledekorasjonar, i juleutstillingar, i julehefte eller som pynt på juletreet. Englane som skal minne oss om at det finst verkelege englar, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Dei dukkar opp rundt juletider. I juledekorasjonar, i juleutstillingar, i julehefte eller som pynt på juletreet. Symbolenglane. Englane som skal minne oss om at det finst verkelege englar.

For det finst verkelege englar. Men dei er usynlege. Vi legg ikkje merke til dei, fordi dei ser ut akkurat som vanlege menneske.

Når det nærmar seg jul får vi av og til eit glimt av dei. Då steller dei i stand julemesser og arrangerer julefeiring for dei som har det vanskeleg. Dei inviterer heim til seg menneske som ikkje har nokon å feire jul med.

Andre skaffar mat til dei som har lite pengar og ikkje har råd til å kjøpe julemat. Nokre bidreg med underhaldning og skaper julestemning på institusjonar. Løynleg ikring oss dei går.

Men dei usynlege englane er der heile året. Dei jobbar i det skjulte. Dei ønskjer ikkje å vere synlege. Nokre jobbar som frivillige på musikkfestivalar, på utstillingar, på frivilligheitssentralar og på idrettsarrangement.

Andre jobbar gratis som kontaktpersonar for flyktningar, som trenarar i idrettslaget, kordirigentar eller som frivillige i forskjellige organisasjonar.

Nokre startar bakeri, eller kunstgalleri i kjellaren, nokre startar yogastudio i garasjen. Andre engasjerer seg i miljøarbeid, startar opp andelslandbruk, tek initiativ til å sette opp dagsturhytter som alle kan bruke, eller startar danseverkstad. Løynleg ikring oss dei går.

Dei usynlege englane er svært kreative og mange av dei driv med kunstnarlege aktivitetar, husflidsaktivitetar eller kulturelt arbeid. Mange opnar eigne galleri, husflidsutsal eller gardsmatutsal der dei sel sjølvlaga produkt.

Felles for dei usynlege englane er at dei ikkje er opptatt av å tene mykje pengar. Det viktigaste for dei er å skape noko som gleder andre. Noko som skaper meining.

Dei jobbar i det stille nesten utan at det blir lagt merke til. Med handlingane sine viser dei alle kva som er eigentlege verdiar. Det er handlingane til alle englane som gradvis og umerkeleg styrer utviklinga i verda i riktig retning. Løynleg ikring oss dei går.

For englane veit kva eigentlege verdiar er. Dei har tilgang til ein kunnskap mange går glipp av fordi dei har det travelt. Englane har erfart at det finst noko som er mykje meir meiningsfullt enn den kortsiktige gleda pengar, status og merksemd gir.

Englane kjenner til ei av dei viktigaste universelle sanningane som er tilgjengeleg: Den største gleda er å gjere andre glad.

Dette erfarer dei gjennom handlingane sine, og dei veit at gode gjerningar gir varig glede og meining. Dei veit at det er summen av alle gode handlingar som bidreg til at utviklinga i verda gradvis og umerkeleg går i rett retning.

Difor jobbar englane i det stille. For inst inne veit alle englar at englar skal vere usynlege. Løynleg ikring oss dei går.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags