Lat borna få ei kvit jul!

ALKOHOLFRITT: Vi oppfordrar vaksne til å velje alkoholfritt når dei er saman med born, slik at fleire born og unge får feire jul med trygge og fullt tilgjengelege vaksne, skriv artikkelforfattaren..

ALKOHOLFRITT: Vi oppfordrar vaksne til å velje alkoholfritt når dei er saman med born, slik at fleire born og unge får feire jul med trygge og fullt tilgjengelege vaksne, skriv artikkelforfattaren.. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev
I desse dagar står frivillige frå dei rusførebyggande organisasjonane IOGT, Juvente og Juba på stands rundt omkring i landet for å snakke med vaksne om å gi borna kvit jul i år. Men det er korkje aking, snømenn eller skigåing det handlar om. Vi oppfordrar vaksne til å velje alkoholfritt når dei er saman med born, slik at fleire born og unge får feire jul med trygge og fullt tilgjengelege vaksne.

Ifølge folkehelseinstituttet er det om lag 90.000 born i Norge som lever i heimar der ein eller begge foreldra misbruker alkohol. Det er 1 av 12 barn. Og ein antek at det er dobbelt så mange som har foreldre med eit risikabelt alkoholforbruk. For disse borna er jula ei særleg sårbar tid: Skular og barnehagar held stengt, og dermed vert det eit fråvære av andre, trygge vaksne. Samtidig veit vi at Vinmonopolet doblar omsetnaden sin i desember, og at det dermed vert drukke meir enn normalt i julehøgtida!

Forsking viser at born merkar endringar i vaksne sin oppførsel lenge før dei vaksne sjølve oppfattar seg som fulle. Borna merkar det når mamma eller pappa vert unaturleg glade, meir ironiske eller tullar meir enn dei plar. I seg sjølv kunne dette tyde på godt humør, men det er personlegdomsendringa som skjer med litt for mykje alkohol i kroppen borna reagerer på. Dei reagerer på inkonsekvent åtferd og det kan kjennast skummelt for mange born. Dei ønskjer seg nemleg vaksne som er trygge og føreseielege, også i jula.
Mange vaksne trivst heller ikkje når t.d. kollegaer endrar personlegdom under alkoholpåverknad på julebordet på jobben.

I Hvit jul-kampanjen oppfordrar vi vaksne til å skrive under på at dei ikkje vil drikke alkohol når dei er saman med born i juledagane (23.-26. desember). Først og fremst er dette ei bevisstgjerande handling som forpliktar den enkelte.
Vi veit at drikkevanar smittar, både i ungdoms- og vaksenmiljø.
Ved å skrive under på hvitjul.no er du med på å synleggjere at vi er mange som vel alkoholfritt i jula og du vil gjere ditt til å gjere jula betre for fleire born!

God (kvit) jul!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags