Ope brev til Jølster idrettslag

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevTil Jølster idrettslag

Saka om fleirbrukshall på Vassenden og fotballhall på Skei sto på sakslista i kommunestyret 31.10. I forkant av dette møtet hadde leiar i Jølster Idrettslag sendt eit dokument til dei folkevalde. Jølster Venstre sendte brev til styret i Jølster idrettslag og stilte nokre spørsmål kring dette dokumentet.

I dokumentet var det, i tillegg til kommentarar og korrigeringar til dei opplysningar som rådmann hadde lagt fram i saka, også eit avsnitt der ein stiller spørsmål kring gymnastikksalen på Vassenden barneskule. Jølster Venstre vil at administrasjonen kvalitetssikrar tala som blir lagt fram og at spørsmål som idrettslaget stiller blir svart på av administrasjonen. Dette er særs viktig for at vi folkevalde kan stole på dei opplysningar, som følgjer med i ei saksutgreiing. Når det og kjem spørsmål og opplysningar frå leiar i idrettslaget som ikkje stemmer med det som er gjort vedtak om tidlegare, så må vi sikre oss at det ikkje skjer mistydingar, og at vi gjer feil.

Svaret frå leiar i Jølster idrettslag er at talla er kvalitetssikra av konsulent Morten Roa og av fagfolk som jobbar med bygg og anlegg av idrettsbygg og idrettsbaner. Vidare i svaret ser ein at leiar i idrettslaget ikkje er kjend med det arbeidet administrasjonen alt har gjort i saka om gymnastikksalen på Vassenden, og dei signal som er kome frå folkevalde fram til no. Gymnastikksalen på Vassenden skule er i så dårleg tilstand at både administrasjon og folkevalde har bestemt at ein ikkje skal bruke pengar på opprusting og rehabilitering av denne.

Jølster Venstre meiner det er positivt at vi har eit kommunestyre som vil satse på idrett og skule, og vi set pris på det engasjement og arbeidet som idrettslaget legg ned i saka.

Samstundes er det viktig at alle investeringar vert gjennomarbeidd og kvalitetssikra med omsyn til økonomi og teknisk standard. Det er politikarane sitt ansvar som ingen kan ta frå oss.

Fleirtalet i Jølster formannskap og kommunestyre har vedteke å bygge hall på den einaste fotballbana i Vassenden området. Dette alternativet kan påverke gymnastikksalen på skulen i dag, og det tek areal på fotballbana i Øyaflata.

Fleirtalet vedtok også at Jølster Idrettslag skulle utgreie saka. Det kan vere krevjande å samordne prosessar, særskilt når fleirtalet i kommunestyret i « siste svingen» vedtok at ein fleirbrukshall skal byggast på ei av dei mest brukte banene i Indre Sunnfjord.

Jølster Kommune skal bruke mykje pengar for å realisere desse anlegga. Difor er det viktig at administrasjonen i Jølster Kommune gjer ein jobb for å få kvalitetssikra tal. Det gjeld fleirbrukshall Vassenden, fotballhall på Skei og erstatningsbane for fotballbane i Øyaflata.

I tillegg skal ei etterlenga investering av Vassenden Skule også gjennomførast.

I formannskapet 23.11 var oppnemning av arbeidsgrupper for prosjekt fleirbrukshall Vassenden og idrettshall Skei på sakslista, og det vart lagt fram skriv frå mellom anna Jølster Idrettslag ved fotballgruppa og frå leiar i Jølster idrettslag. Saka vart sendt vidare til kommunestyre utan avgjerd i formannskapet.

Det er eit viktig arbeid idrettslaget skal gjere i samarbeid med administrasjonen og politikare i Jølster kommune, og kvalitetssikring med omsyn til økonomi og standard kan ikkje vike. Difor er det heilt sentralt for folkevalde at ein kan stole på dei tall som står i sakspapira.

Vassenden 1.12.2017

Judith Kapstad

Gruppeleiar for Jølster Venstre

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags