Møte med fylkesmann i Jølster

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevVi var heldige å få besøk av Fylkesmannen i formannskapet 14. november. Dei møtte mannsterke med fylkesmann Anne Karin Hamre, Nils Erling Yndesdal, Kåre Træen og John Ole Vange.

Formannskapet med ordførar og administrativ leiargruppe med rådmann fekk ei god orientering og klare råd på vegen vidare med planar, budsjett og økonomistyring dei neste åra. Ansvarlighet i økonomistyringa vart sterkt poengtert.

Vi var innom tema som reformarbeid, både region og kommunereform, og kva konsekvenser som kjem i kjølvatnet av dette. Regionreforma startar med samanslåing av dei to fylkesmannsembeta frå 1.1.19, altså året før kommunereforma. Ny kommune i Sunnfjord kjem frå 1.1.20. Kommunereforma vert vidareført, og det kjem ein ny kommune proporsisjon om dette til våren.

På sakskartet elles var det plansaker, rassikring, barnevern, ynskje om å få busetje fleire flyktningar, politi og beredskap, barnehage, skule og kompetansekrav. Nytt lovverk i skulen fører med seg store omveltingar. For utsette barn og unge er det viktig med tidlege tiltak og god samhandling mellom barnevern og psykiatritenesta, både den kommunale og spesialisthelsetenesta. Akuttfunksjon innan barnevernet vert viktig. Planar om endringar for Kjøsnesbrua og området rundt vart omtala, og at det her kunne kome motsegn. Her er det viktig å ta omsyn til fiskeinteressene.

Rådmann Ellen Jensen la fram dei store økonomiske utfordringar vi no har i Jølster for å få eit budsjett for neste år i balanse når ein må ta ned rundt 10 millionar, og poengterte at stor investeringslyst gjev store utfordringar i økonomiplanen for dei neste åra. Fleire område for innsparingar må vurderast og får konsekvensar for innbyggjarane.

Som svar på dette var fylkesmann klinkande klår , - vi som politikare har ansvar for at budsjettering av utgifter skal vere tilstrekkeleg til å dekkje vedteken aktivitet, at budsjettering av inntekter følgjer forsiktighetsprinsippet, at ein ikkje budsjettere med uspesifikke innsparingar, at effektivisering må tallfestast og fordelast på konkrete postar og at større endringar frå tidlegare års løyvingar og bruk må synleggjerast og forklarast med tiltak.

Fylkesmann viste og til den intensjonsavtala som ligg føre mellom kommunane i Sunnfjord og krav til å orientere kvarandre om investeringar som har betydning for den nye kommunen, dei viste her til punkt 8 og 9 i intensjonsavtala, der det står at ein skal vise varsemnd med å gjennomføre tiltak som ikkje er i samsvar med kommunen si økonomiske bereevne.

På neste møte i fellesnemnda 13.12 som skal vere på kommunehuset på Skei, skal Naustdal kommune si planlagde investering på Friskhus til 100 mill. diskuterast.

I fylgje rådmann i Naustdal si uttale til Firda onsdag 22.11, så seier han at det er viktig at dette blir vurdert av fellesnemnda, det er ein ryddig måte å gå fram på.

I Jølster har vi og planar om store investeringar i hallar som vil ha betydning for dei andre, så det vil vere naturleg om og desse investeringane blir teke opp i fellesnemnda.

Referat frå møte med presentasjoner og fleire detaljer finn ein på postlista 28.11 på Jølster kommune sine heimesider.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags