Lat oss starte Sunnfjord med mindre mistru

VAL: At  situasjonen med for få stemmeavlukke/vallokale var eit planlagd peik frå indrebygdingar. Det ser eg som lite sannsynleg, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå køen utanfor vallokalet på Vassenden.

VAL: At situasjonen med for få stemmeavlukke/vallokale var eit planlagd peik frå indrebygdingar. Det ser eg som lite sannsynleg, skriv artikkelforfattaren. Bildet er frå køen utanfor vallokalet på Vassenden. Foto:

Av
DEL

LesarbrevI Firda laurdag 14. september skriv Ivar Øksendal om dei lange køane og den lange ventetida ved vallokalet på Vassenden. Dette har vore omtala før, og ein må ha tillit til at dei rette personane for lengst har fanga opp problemet, og at dei gjer forbetringar til neste val om to år.

Eg stemte i si tid imot kommunesamanslåinga, men har forsona meg med stoda og ser at den nye Sunnfjord kommune også kan ha sine pre. Eit av desse er at vi kanskje kan få slutt på bygdestrid og kiving mellom grendene i indre og ytre del av Jølster. At denne situasjonen med for få stemmeavlukke/vallokale var eit planlagd peik frå indrebygdingar, og at dette er ei form for sniknedlegging av vallokale, ser eg på som like lite sannsynleg som at uveret over Jølster, no i to omgangar, er Guds straffedom og vreide.

Viss så var tilfelle, trur eg Han ville grunngje det med at det er/var? for mykje splid og usemje i bygda, og eit peik om at – skjerp dokke folkens! Lat oss starte den nye kommunen med mindre mistru og meir samarbeid.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags