Ein framtidsretta Jølsterskule

Av
Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Skei skule, barneskulen

Skei skule, barneskulen (Foto: )

DEL

Tilbod: Firda i 5 veker for 5 kroner!

LesarbrevI kommunestyremøtet den 14. desember, sikra eit stort fleirtal at skulane på Vassenden og Skei er på god veg mot ein framtidsretta og god skule.

Mo og Jølster vgs. (Mojo) vart kjøpt med tanke på skuleformål, og fleirtalet i kommunestyret (Ap, Sp og Sv) følgde opp framlegget frå Jølster Arbeidarparti med vedtak om at Mojo skal takast i bruk til ungdomstrinnet ved Vassenden skule. Arbeiderpartiet i Jølster har lenge vore opptekne av å leggje til rette for ein framtidsretta skule. Vi har mellom anna lytta til eit fleirtal av ungdomsskulelevane på Vassenden, som ville ha eige ungdomstrinn. Mojo er i bruk til kroppsøving og til SFO, så ein del driftskostnader til Mojo er det alt i dagens drift.

Det er også andre argument for å ta Mojo i bruk. Kommunen eig mellom anna eit stort areal rundt Mojo som kan nyttast til fleirbrukshall og idrettsbane utan å oreigne fulldyrka jord. Dette er eit viktig moment for Jølster AP og for fleirtalet i kommunestyret.

Skei skule får også nødvendig utviding. Eit ekstra klasserom har det vore behov for i meir en 14 år. Sommaren 2015 vedtok kommunestyret etter framlegg frå Arbeiderpartiet å bygge eit nytt klasserom og grupperom. Det var 18 røyster for framlegget. No får ein eitt ekstra klasserom på mellomsteget på ungdomskulen og det er med på å sikre ungdomstrinnet som ein framtidsretta og god skule. Kommunestyret sikra også gjennom budsjettvedtaket den 14. desember at barneskuletrinnet får ventilasjon og støydemping, som det lenge har vore eit sterkt behov for.

I diskusjonen har det vore hevda at Skei skule er ein liten skule. Med sine 150 elevar er Skei skule ikkje nokon grendaskule slik det kan høyrast ut som. I avisa Firda 10. november vart Venstre sin påstand om at det er nær dobbelt så stort areal per elev på Skei framstilt som fakta. Dette spørsmålet var også omtala på informasjonsmøtet på Vassenden skule den 30.11 og der vart det opplyst at arealet pr. elev er tilnærma likt på dei to skulane vi har i Jølster. Jølster Ap har hatt dette som utgangspunkt i skulesaka.

Viljen til fleirtalet i dagens kommunestyre er at vi skal ha to gode fullverdige skular i Jølster, som er sikra for framtida. Det skal det ikkje vere noko tvil om.

Artikkeltags