Uvêret i Jølster er ikkje over

KONSEKVENSAR: Mi oppmoding til lokalavisa Firda, og oss andre, er å rette søkelyset og tankane mot dei som verkeleg har fått føle kva konsekvensar uvêret fekk for dei., skriv artikkelforfattaren.

KONSEKVENSAR: Mi oppmoding til lokalavisa Firda, og oss andre, er å rette søkelyset og tankane mot dei som verkeleg har fått føle kva konsekvensar uvêret fekk for dei., skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

LesarbrevAvisa Firda har 3. februar eit stort oppslag om eit uavklart oppgjer mellom eit forsikringsselskap og ein familie i nabolaget. Det slår meg at dette er typisk når det gjeld forsikring, vi veit eigentleg ikkje kva vi har forsikra. Eg kjenner familien og er ikkje uroa for at dei hamnar på bar bakke sjølv om dei ikkje oppnår semje med forsikringsselskapet og må betale hotellopphaldet sjølv.

Derimot er eg sterkt uroa for dei familiane som i dag ikkje har kunna, eller klarer, å flytte tilbake til heimane sine etter uveret 30. juli. For desse er det to utfordringar. Ei enorm mental påkjenning der frykt og angst for framtida plagar dei kvar einaste dag. Dessutan er det ei nesten uløyseleg økonomisk oppgåve for dei å rydde opp og bygge rasvollar for å trygge heimane sine. Her snakkar vi om utgifter som er så store at ein familie med rimeleg god inntekt ikkje greier dekke kostnadane sjølve.

Dei fleste av oss reknar med at forsikring og støtte frå det offentlege ordnar opp i slike høve. Det dei skadelidande opplever er ei endelaus vandring i papirmølla i det offentlege og mot forsikringsselskap der ingen er vil ta ei avgjerd når det gjeld støtte, men dei får veldig fort beskjed om kva dei ikkje får dekka.

For alle som på ein eller anna måte var midt oppe i uveret 30. juli og som berre måtte finne seg i at naturen tok styringa, vekker artikkelen i Firda undring. Nokre reagerer med eit skuldertrekk. For andre er det som å strø salt i eit ope sår.

Mi oppmoding til lokalavisa Firda, og oss andre, er å rette søkelyset og tankane mot dei som verkeleg har fått føle kva konsekvensar uvêret fekk for dei. Det er mange som går rundt med uro, angst, sorg og sakn. For dei er ikkje uvêret over.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags