Utbrend motor i «verdas vakraste ramme»?

UTBREND: Fagforeiningane i Jølster er tydelege på at dei tilsette ikkje toler nye kuttrundar.

UTBREND: Fagforeiningane i Jølster er tydelege på at dei tilsette ikkje toler nye kuttrundar. Foto:

Av
DEL

LesarbrevJølster kommune manglar 7,6 mill. for å gå i balanse i 2018. Etter økonomiplan for 2019–2022 skal vi i tillegg spare inn 11,1 mill. i 2019. Samla innsparing er på 20 mill. for 2019, noko som svarar til om lag 33 stillingar. Dette kjem i tillegg til store innsparingar som alt har vore gjennomførte i sektorane dei siste åra.
 

Som representantar for dei tilsette må vi tillitsvalde no gje eit varsku til arbeidsgjevaren vår, Jølster kommune, ved dei folkevalde. Arbeidsvilkåra vert endra og folka på golvet, dei som kvar dag skal halde motoren i organisasjonen «Jølster kommune» i gang, merkar det på kroppen.

Vi tillitsvalde veit kva det gjer med dei ulike sektorane å måtte levere inn rapportar som fortel at budsjetta ein la for arbeidsåret, umogleg kan haldast. Og dette skjer ikkje fordi tenesteleiarane ikkje har kontroll på økonomien, men fordi dei skal levere tenestene innanfor ei ramme som er for knapp og som ikkje har rom for avvik. Og avvik skjer kvart år, i alle einingar.

Kravet til innsparing har blitt strengare år for år, og når haustens «budsjetteventyr» er i gong står politikarane på talarstolen og poengterer at leiarane ikkje held seg til arbeidsinstruksen dei har fått. Dette gapet mellom ønskelege og mogelege resultat gjer noko med tilliten mellom partane. Nokre av utfordringane vi ser er å klare å halde sjukmeldingar på eit lågast mogeleg nivå og å rekruttere og behalde godt kvalifisert arbeidskraft. Det blir venta at vi skal produsere like gode, ja helst betre resultat, utføre fleire oppgåver og vere meir effektive, men med færre hender. Dette reknestykket går rett og slett ikkje opp!

Vi skal i lag jobbe for «skaparkraft i verdas vakraste ramme». Då treng vi sterke, motiverte arbeidstakarar som ikkje berre ønskjer å yte, men som og har kraft til å klare dette. Slik stoda er no, og ser ut til å bli framover, kan motoren gå tom for drivstoff og i verste fall skjere seg.

No set vi vår lit til at de ikkje berre set ein kronesum som skal sparast på dei ulike einingane, men at de og tek ansvar for og gir retningslinjer for kva ein skal slutte med eller redusere på. Kommunalsjefane har gitt dykk oversikt over konsekvensar ved ulike konkrete innsparingar / kutt, og dette må de ta med dykk inn i dette arbeidet. De må sei kva for tilbod i Jølster kommune skal ta vekk, for småkutt på kvar eining monnar ikkje. Ver ærlege og konkrete – slik at alle partar veit kva mål som er realistiske å jobbe mot, både når det gjeld kroner og kvalitet.

No er pengebingen tom, og fondet blir mest truleg oppbrukt før 2019 er omme, dersom dei planlagde investeringane vert realiserte. No må de ta det ansvaret det er å vere ein ansvarleg arbeidsgjevar og «bedriftseigar». Vi tillitsvalde ønsker ikkje å ta stilling til hallspørsmål eller andre investeringar, som er punkt på ønskjelistene. Men vi ventar at arbeidsgjevaren vår tek arbeidsgjevaransvaret sitt på største alvor og legg opp til at vi kan klare å gjennomføre arbeidet som vi er sette til å gjere, utan å måtte bryte til ei kvar tid gjeldande lovverk.

Vi viser til hovudavtalen i KS området og forventar at kommunen som arbeidsgjevar vil handle i tråd med avtaleverket dersom dei føreslegne tiltaka vert vedtekne.

Vis ansvar ved å ta «motoren» på alvor!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags