Politikarane svarar om økonomien i Jølster

JØLSTERHALL: Leiande politikarar i Jølster fortel i dette lesarbrevet om korleis økonomien og investeringane i Jølster er planlagt.

JØLSTERHALL: Leiande politikarar i Jølster fortel i dette lesarbrevet om korleis økonomien og investeringane i Jølster er planlagt. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDet er for tida mykje merksemd kring økonomien i Jølster, og vi i partia Sp, Ap, SV og KrF ynskjer å svare på dette.

Uføresette utgifter: Politikarane vart kjent med ei uventa ekstrautgift i sommar: ca. 10 mill. kr til ulike sosialtiltak. Dette utgjer ein auke på ca. 5% av driftsutgiftene til kommunen. I tillegg får vi lågare overføringar frå staten neste år enn forventa løns- og prisvekst. Dette gjer økonomien i Jølster utfordrande for langtidsplanlegging.

Føresette inntekter: Jølster har satsa på kraftverk. Dei 20 siste åra har 23 nye kraftverk kome til. På grunn av dette har vi kunna bruke pengar. Innan utgangen av 2021 skal Jølstra kraft, Stardalen kraft, Kupekraft og Øvrebø kraftverk vere i drift (grøne sertifikat).

Utbygging av kraftverket i Jølstra er starta, Stardalen kraft er vedteke med investeringsavgjerd. Desse to utgjer tyngda av ny kraft og ei samla investering på vel 900 mill. Jølstra kraftverk er det største.

Kraftverka genererer gode inntekter til kommunen, i form av eigedomsskatt og konsesjonsavgift. Forsiktige tal seier at Jølster vil ha mellom 32 og 35 mill. i årlege kraftinntekter frå 2021. Over 20–25 år vil kraftproduksjonen i Jølster tilføre den nye Sunnfjord-kommunen 8–900 mill. Vi vil at satsinga på vasskraft i Jølster skal vise att i lokalsamfunnet.

Politikarane har hatt ein plan i prioritert rekkefølge: barnehage, helse, skule, og til slutt fritid. Bygningsmessig har vi såleis rusta oss godt for den nye kommunen:

• I 2011–2015 brukte vi 35 mill. på ny, kommunal barnehage i Langhaugane, og 12 mill. i kommunal barnehage på Skei.

• På helse og omsorg aleine har vi brukt 134 mill.: Skei omsorgssenter 81 mill., Vassenden omsorgssenter 42 mill. og Heimly bufellesskap 11 mill.

• I desse dagar ferdigstiller vi ombygging av Vassenden skule for 44 mill., og ventilasjonsanlegg og påbygg av klasserom på Skei skule til vel 8 mill.

Vi står no framfor fritidstilboda. Desse kjem dei kommunale tenestene til gode, fordi dei stettar prekære behov i kroppsøvingsfaget ved skulane våre. Vi har framleis eit mål om å byggje hallar, så sant økonomiplanen tilseier det. Denne planen blir den store saka på kommunestyremøtet i desember.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags