Astrup på sokkel

Kristian Fossheim ønsker ei statue av Nikolai Astrup. Her er det Dronning Sonja som opnar Astrup-utstillingapå Dulwich Gallery i London tidlegare i år. Her sammen med kulturminister Linda Hofstad Helleland. Foto: Nina E. Rangoy / NTB scanpix

Kristian Fossheim ønsker ei statue av Nikolai Astrup. Her er det Dronning Sonja som opnar Astrup-utstillingapå Dulwich Gallery i London tidlegare i år. Her sammen med kulturminister Linda Hofstad Helleland. Foto: Nina E. Rangoy / NTB scanpix

Av
DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

LesarbrevDet store, historiske Astrup-året er straks til ende. Jølstringar landet over har jubla over at vår store målar endeleg har nådd ut i verda og fått den anerkjenning han fortener. Jølsternaturen har igjen vore tema, nå i leiande London-aviser som The Times og The Guardian. Der finn vi velformulerte diskusjonar om Astrups syn på Jølster-naturen, med vekt på naturmystikk i tilhøvet mellom menneska og naturen i Jølster. Dei engelske kuratorane ved Dulwich Picture Gallery i London har dukka djupare i Astrups kunst enn nokon før har gjort. Suksessen i London fekk gjenklang i verdspressa. Samanlikning med Munch blir gjort i fullt alvor. Vi jølstringar er knapt overraska, for vi visste det alt.

Før Astrup-året renn ut, vil eg nå nytte høvet til å foreslå det nesten sjølvsagde, men som ingen ennå ser ut til å ha teke opp for alvor, tanken om å setje Astrup på sokkel på Ålhus.

Så vil nokon seie at vi har då Astruptunet, er ikkje det monument godt nok? Mitt svar er nei. Etter mitt syn bør eit monument setjast opp på Ålhus der han vaks opp og la grunnlaget for si utvikling som kunstnar. Så kan ein diskutere nøyaktig stad, men eg går ikkje inn på det her, anna enn at nærleik til prestegarden og kyrkja er naturleg å tenkje på. Dette monumentet vil vere ein attraksjon for Jølster!

Ålhus som kulturstad vil stå endå sterkare, og saman med monumentet over Audun Hugleiksson vil Ålhus og Jølster vinne endå større ry. At Ålhus er kulturstaden i Jølster framfor nokon, er eit faktum som bør framhevast til sams fordel for heile bygda.

Ein konkurranse om monument for Nikolai Astrup bør lysast ut i Norden, og gjennomførast etter velkjende prinsipp for kunst i det offentlege rom. Eg har den tru at jølstringane vil bidra med glede til finansieringa, og at den velviljen vil finnast langt utanfor bygda, ja i heile landet. Det vil vere ei glede å bidra.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags