Hafs åleine eller i liten Sis

Må fungere: For å kunne oppretthalde busetnaden i det noverande Hafs-området, må nærarbeidsmarknaden fungere. I tillegg må den komplementære arbeidsmarknaden i regionsenteret kunne tilby attraktive jobbar som kan motivere arbeidstakarar til pendlingsreiser på 45–80 minutt til og frå jobb kvar dag, skriv Tveit. Arkivfoto: Bent Are Iversen

Må fungere: For å kunne oppretthalde busetnaden i det noverande Hafs-området, må nærarbeidsmarknaden fungere. I tillegg må den komplementære arbeidsmarknaden i regionsenteret kunne tilby attraktive jobbar som kan motivere arbeidstakarar til pendlingsreiser på 45–80 minutt til og frå jobb kvar dag, skriv Tveit. Arkivfoto: Bent Are Iversen

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

LesarbrevDebatten om kommunereforma i Sunnfjord og Hafs rullar vidare. Nokre er skuffa over resultatet i folkerøystingar og meiningsmålingar. Andre er skuffa over samarbeidskommunar som snur seg i andre retningar enn det ein sjølv hadde tenkt. Medan politikarane forhandlar om velkjende og nye løysingar, vil eg gå nærare inn på eit av dei argumenta som har vore oppe i debatten om kommunesamanslåing. Dette er at ei ny kommuneeining må samsvare med, og fungere styrkande for eit velfungerande bu- og arbeidsområde, eller med andre ord: «kvardagskommunen» må fungere»

Kva er så ein såkalla kvardagskommune? Juridisk sjef hos fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Anne Kristin Eitun-gjerde, skreiv det slik i fylkesmannsbloggen 21. oktober 2014: «Spørsmåla vi må stille i dag som innbyggarar i Sogn og Fjordane er: Er kommunen min i stand til å ta i vare mine og familien min sine behov – både i dag og om 25 år? Er kommunegrensa logisk for kvar eg lever mitt liv, og det eg forventar av ein kommune?»

For å svare på dette må du tenke på samanhengen mellom kvar bur du, kvar du jobbar, kvar du handlar, kvar ungdommen din går på skule, kvar vennene dine bur og kvar du reiser på kulturelle arrangement. Med andre ord: Kvar og kva er kvardagskommunen din?

Dette er høgst relevante spørsmål, både for dei som bur i kommunane i dag, og ikkje minst for dei som vurderer å flytte heim, men enno ikkje har bestemt seg.

Lat oss tenkje oss eit eksempel der eit ungt par har flytta heim til Dalsfjorden/Hafs-området og er i ein etableringsfase med små barn og husbygging. For dette paret vil det vere heilt uaktuelt at begge foreldre pendlar 50–60 minutt eller meir kvar veg for å nå arbeidsmarknaden i Indre Sunnfjord. Den eine partnaren kan kanskje gjere det under føresetnad av at den andre kan jobbe mykje nærare skule og barnehage.

Med ein reiseavstand på 50–60 minutt eller meir, er det også lite sannsynleg at denne vesle familien vil bygge sitt sosiale nettverk eller utøve sin kulturelle og politiske eigenaktivitet i Indre Sunnfjord.

Kvardagskommunen for dette unge paret vil difor verte ein kommune der ein interessant jobb kan finnast innan 20–30 min køyring frå bustad. I Hafs vil ein slik nærarbeidsmarknad kunne finnast i dei noverande kommunesentera Askvoll, Fjaler, Hardbakke og Hyllestad/Leirvik.

For øysamfunn som Solund og Bulandet/Værlandet vil nærarbeidsmarknaden vere sjølve øysamfunnet og den komplementære arbeidsmarknaden vil vere kommunesenteret og/eller i nabokommunen på fastlandet. For delar av Førdefjordsområdet vil nærarbeidsmarknaden vere i Førde. I Ytre Fjaler og sørlege delen av Hyllestad vil aksen Leirvik, Sørbøvåg, Lutelandet utgjere ein slik nærarbeidsmarknad.

I spørsmålet om kommunestorleik er samspelet mellom nærarbeidsmarknaden og den komplementære arbeidsmarknaden med større reiseavstand, særs viktig. Viss vi tenkjer oss Dalsfjordområdet/Hafs som nærarbeidsmarknad og Førde/ Indre Sunnfjord som kompletterande arbeidsmarknad, vil dette samspelet kunne fungere på følgjande måte:

■ I flyttefasen får berre den eine ektefellen relevant arbeid nær heimstaden. Den andre ektefellen får relevant jobb i Førde og dagpendlar fram til gode jobbtilbod dukkar opp nærare heimen.

■ I etableringsfasen med småbarn og husbygging er begge ektefellar interessert i å bu så nær heimen som mogleg. Begge er avhengig av breidde og mangfald i nærarbeidsområdet. God miks mellom offentlege og private arbeidsplasstilbod sikrar dette mangfaldet.

■ Når ungane veks til, og ynskje om karriere vert meir påtrengande, aukar pendlingsviljen og ein eller begge ektefellane kan vere villige til å pendle til Førde, eller andre komplementære arbeidsmarknader, for å ha fleire jobbtilbod å velje i.

■ For dei som trivst med yrkesvalet men ikkje med arbeidsplassen, vil ein komplementær arbeidsmarknad i Indre Sunnfjord kanskje vere alternativet til å flytte frå regionen.

Ut frå desse eksempla vil det vere slik at både nærarbeidsmarknaden og den komplementerande arbeidsmarknaden må vere attraktive og varierte nok dersom samspelet mellom dei skal kunne fungere og tiltrekkje seg nye tilflyttarar.

Vi veit også at ein god miks mellom private og offentlege arbeidsplassar er viktig for å få nok breidde og variasjon i ein bu- og arbeidsregion. Jo meir geografisk avgrensa arbeidsregionen er, jo viktigare er det å oppretthalde eit visst mangfald i jobbtilbodet. Tydelegast ser vi denne gjensidige avhengigheita mellom offentleg og privat sektor i Solund.

Førde har i dag eit stort innslag av offentlege arbeidsplassar, både kommunale, fylkeskommunale og statlege. Desse bidreg til mangfald og rekrutteringsevne, og Førde/Indre Sunnfjord vil ha potensial til å tiltrekkje seg enno fleire desentraliserte statlege arbeidsplassar. I Hafs-regionen er det store fleirtalet av dei offentlege arbeidsplassane kommunale, men her har det derimot gjennom dei siste åra skjedd ei betydeleg nyskaping av arbeidsplassar i privat sektor.

Likevel er mange arbeidsplassar konjunkturutsette, og breidde og mangfald i arbeidsmarknaden i regionen er ein kritisk faktor for tilflytting. Ein velfungerande nærarbeidsmarknad er føresetnaden for å kunne utnytte ein komplementær regional arbeidsmarknad.

Sviktar nærarbeidsmarknaden, vil tilflyttinga utebli eller skje direkte til regionsenteret/ storkommunesenteret. I dette perspektivet vert det feil å flytte kommunale arbeidsplassar frå Hafs til Førde.

Her må vi difor analysere nøye kva som er rett kommunestorleik. Nokre vurderer dette berre ut frå folketalsunderlag og kommuneorganisasjonen si evne til å yte spesialiserte tenester. Både eksordførarar, eks-stortingspresidentar og eksbanksjefar ser ut til å legge avgjerande vekt på dette. Andre legg hovudvekta på reiseavstanden til kommunesenteret. Det gode kompromisset ligg truleg ein stad midt mellom der ein ser folketalsunderlag og geografisk avstand i ein samanheng, og let kommunegrensene falle saman med arbeidsmarknadsregionen.

For å kunne oppretthalde busetnaden i det noverande Hafs-området, må altså nærarbeidsmarknaden fungere. I tillegg må den komplementære arbeidsmarknaden i regionsenteret kunne tilby attraktive jobbar som kan motivere arbeidstakarar til pendlingsreiser på 45–80 minutt til og frå jobb kvar dag. Dette pendlingsmønsteret krev aktivt samarbeid internt i Hafs og mellom liten SiS og Hafs.

Min kvardagskommune blir då ein ny kommune samansett av noverande Hyllestad, Askvoll og Fjaler. Denne kommunen må samarbeide tett med Solund om oppgåveløysing og nye samferdsleløysingar i sørvest, med Førde/Indre Sunnfjord om utvikling av den komplementære arbeidsmarknaden i nordaust og med Flora i nord om Kystvegen og utvikling av eit større bu- og arbeidsområde langs kysten.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags