Skrøpeleg argumentasjon om ulvejakt

UNDERLEG: Artikkelforfattaren er ikkje imonert over Fylkesmannen sin argumentasjon for å ta vekk skadeløyve på ulv.  Denne sauen vart funnen ved Espeland i Hyllestad torsdag 3. oktober.

UNDERLEG: Artikkelforfattaren er ikkje imonert over Fylkesmannen sin argumentasjon for å ta vekk skadeløyve på ulv. Denne sauen vart funnen ved Espeland i Hyllestad torsdag 3. oktober. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDet er med undring eg las innlegget i Firda 26.11. Der står:

«Ulven har drepe hjort og husdyr jamt og trutt sidan juli i fjor. I fleire omgangar har det vore gitt skadeløyve, men ein har ikkje lukkast med på få has på ulven. 15. oktober gjekk førre skadeløyve ut. Det har samanheng med at eit skadefellingsløyve er noko ein gjev så lenge husdyr blir skadd. Etter 15. oktober er det ikkje dyr på beite, så då vert skadefellingsløyve trekt tilbake, seier Galt.»

Som oppvaksen på sauegard i Dalsfjorden er dette noko med den skrøpelegaste argumentasjonen eg har høyrt I mi tid var sankedag 29. september. Vi tok sauene heim og tok frå dei som skulle slaktast. Resten vart sendt til fjells. Dei fekk nytte fjellbeita til snøen kom.

Eg undrar meg på korleis Fylkesmannen har komme frå til 15. oktober. Vinteren kjem vel tidlegare i «innlandet»? Skal vi ta Fylkesmannen på alvor?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags