Det er tida for å redusere hjortebestanden

Hjort.

Hjort. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeiningarBondelaget tok tidlegare i år til orde for å redusere hjortestammen. No skal jobben gjerast i heile fylket!   Alle grunneigarar har ansvar for å sikre at det vert ein høg fellingsprosent.   Ta skyteprøven,  og so må ein ut og jakte.   Jaktar ein ikkje sjølve må ein legge til rette for at felling kan skje gjennom sal av løyve og utleige av jaktterreng slik at dyra blir felt.

Dei fleste områda i fylket er delt inn i ulike storvald og jaktfelt. Samarbeidet i storvaldet er avgjerande for å auke avskytinga og fellingsprosenten.  Ein må samarbeide so godt at ein kan flytte løyver eller jegerar mellom jaktfelta. Jakta må i kvart storvald intensiverast der hjorten er, og då må grunneigarar og jegerar samarbeide godt. Det er ikkje «mine» dyr, det er vår hjortestamme og den må forvaltast i fellesskap. Det er for mykje hjort og då må grunneigarar vere fleksible slik at jakt og felling kan skje !

Dei som sel hjortejakta må sikre seg at andre kan ta over i sluttspurten av jakta, dersom dei som har kjøpt løyva ikkje gjer jobben. Lat andre sleppe til siste månaden av jakta. På denne måten aukar «presset» på dei som har kjøpt løyva til å gjere jobben, samtidig som det sikrar at andre kjem og jaktar dersom dyra ikkje ser ut til å bli skotne.

Dei aktive bøndene kan ikkje lenger «fø» dagens hjortebestand.  Det er ikkje snakk om at det ikkje blir hjort igjen, det handlar om å få redusert bestanden på sikt, og då må det fellast mykje dyr. Etter årets tørre sommar er det enno meir openbart at vi i store deler av fylket har for lite grasavlingar. Hjorteskadane med beiting på innmark reduserer avlingane betydeleg, og gir store meirkostnadar til dei aktive bøndene.

Vi oppfordrar med dette alle hjortejegerar til å legge inn litt ekstra jakttimar i år for å kunne skyte meir hjort enn nokon gong i fylket. Jakt er forvaltning av ein felles ressurs, men også gode naturopplevingar, matauk og jaktglede. 

God jakt !

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags