Ja til Sogn og Fjordane

RYDDE: Det har vorte kasta vekk nok tid, pengar og folk på ein region som dei færraste vil ha. Vi meiner at det er på tide at nokon ryddar opp, skriv Sander Solheim og Emma Berge Ness i denne artikkelan.

RYDDE: Det har vorte kasta vekk nok tid, pengar og folk på ein region som dei færraste vil ha. Vi meiner at det er på tide at nokon ryddar opp, skriv Sander Solheim og Emma Berge Ness i denne artikkelan. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Nyleg vedtok Sogn og Fjordane Senterparti at vi vil ha ei folkerøysting om samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland fylke. Det er naturleg for eit parti som alltid har vore forkjempar for lokaldemokratiet.

Vedtaket har blitt positivt motteke av mange, både i Hordaland og Sogn og Fjordane. Likevel dukka overskrifta «Me treng inga folkerøysting om Vestland» opp på leiarplass i Bergens Tidende. Likevel har Venstre-politikar Alfred Bjørlo uttalt at han trur det vil bli lågt oppmøte på ei eventuell folkerøysting. Desse døma viser alvorlege haldningar til norsk folkestyre. Når blei det dumt med folkevalde som vil høyre på folket?

Bakgrunnen for at 11 velfungerande fylke har vorte slått saman til 11 nye regionar er eit kompromiss mellom Høgre og Frp, som vil legge ned fylkeskommunen, og Venstre og Krf, som vil ha større og sterkare regionar. At arkitektane bak reforma no er bekymra for å høyre kva vi som må leve med resultatet meina, er feigt. Men vi kan forstå at dei ikkje vil det.

Resultatet av regionreforma har nemleg vist seg og verte færre og svakare regionar. Det har vorte større avstandar mellom folkevalde og folk. Viken kjem til å søke om oppløysing. Troms og Finmark kjem til å søke om oppløysing. Kvifor skal vi ikkje då gje innbyggarane våre moglegheita til det same?

Etter neste stortingsvalet i 2021 kan vi få eit nytt stortingsfleirtal. Eit stortingsfleirtal som har respekt for det lokale folkestyret. Det gjer det viktig med ei folkerøysting. I motsetnad til Bjørlo, trur vi at det vil verte høg valdeltaking. Vi ser at folk bryr seg, og vi meiner at vi skuldar folket moglegheita til å bli tatt på alvor.

Det har vorte kasta vekk nok tid, pengar og folk på ein region som dei færraste vil ha. Vi meiner at det er på tide at nokon ryddar opp. Dersom folket ønskjer det, er Senterpartiet klar for å ta ansvar. Ver med oss og sei ja til Sogn og Fjordane!


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags