— Ja, jorda er flat!

 - Ei gate bygd for bilar treng ikkje for alltid fyllast med bilar, skriv Arve Seger.

- Ei gate bygd for bilar treng ikkje for alltid fyllast med bilar, skriv Arve Seger. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Det kan verke slik for oss gamle at jorda er flat, eller kanskje den blir flat når me berre får endra alle planar slik me vil ha dei? Fagleg argumentasjon anna enn at det er feil det som skjer, det er det som skal til. Opprop og underskrifter er det som skal bestemme, ikkje demokratisk vedtak i organ som er valde til det. Førdepakken er framleis eit 3 parts prosjekt der vedtaka er basert på samhandla og samlande forslag. Alle må vere med og alle må vere for. Då er det pengar å bruke og gjennomføringa er organisert.

Det er ofte slik i denne verda at om ein part ikkje vil ha ein del av prosjektet så blir det ikkje noko prosjekt. Døme på det kan vere ein tunnel for rv. 5 utanom Førde sentrum i Førdepakken.

På ein flat jord kan ein kanskje få til vesentlege endringar i pågåande prosjekt med budsjett, utan at dette får vesentleg konsekvensar for kostnadar og gjennomføring. På ein rund jord så kan me kanskje gle oss over at det blir samhandla om stort pengebruk og organisering om glansbileta av eit sentrum for køyrande, gåande og syklande.

Hadde jorda vore skikkeleg flat så hadde me ikkje hatt trong for tunnelar eingong. Alternative forslag til Førdepakken er like fullt tynne strek på kart. Det er framleis ikkje vurdert arealkonsekvensar av alle bilane på rv. 5, og heller ikkje konsekvensar for sentrum om alle desse bilane skal rett til handel på Bruland, og vanskane for sentrum vest om Naustdalsvegen. Meiningar er det, men kor er analysene? Skal sentrum berre vere for barnevogner, rullatorer, rullestoler og møteplasser eller vil me ha eit produserande sentrum med butikkar og arbeidsplassar samt bustader? Då treng me kanskje gater som gjev tilkomst og gode breie gaterom? Ei gate bygd for bilar treng ikkje for alltid fyllast med bilar, men vil ha ein dimensjon som kan gje mange framtidige funksjoner. Det er de Førde treng no ein diskusjon og planar for korleis sentrum skal sjå ut og nyttast etter Førdepakken. Kanskje jorda då kan bli rund for oss alle?



Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags