Ja, dei minste manglar ein leikeplass i sentrum

RETT TID: Nina Sofie Gjelsvik og borna Solveig-Natalie Ytrehus Gjelsvik og Sverre-Ingmar Ytrehus Gjelsvik (2) saknar leikeplass i Førde sentrum. Ho får støtte av artikkelforfattarane. Her er Gjelsvik og borna på ein leikeplass på Sygna.

RETT TID: Nina Sofie Gjelsvik og borna Solveig-Natalie Ytrehus Gjelsvik og Sverre-Ingmar Ytrehus Gjelsvik (2) saknar leikeplass i Førde sentrum. Ho får støtte av artikkelforfattarane. Her er Gjelsvik og borna på ein leikeplass på Sygna. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Nina Sofie Gjelsvik sa tydeleg ifrå i Firda tysdag 2. juni om at ho ikkje fann ein eigna leikeplass for dei yngste barna i Førde sentrum. Dei større barna har Hafstadparken og klatreparken, men kvar er plassen for dei minste?

Ho seier og at det ikkje er store og dyre leikeapparat som trengst, men etterlyser ein trygg plass. Det var ord i rett tid. Vi veit at det finst leikeplassar i fleire bustadfelt i Førde, men ikkje i sentrum.

Sidan det ikkje finst open barnehage heller, er dette eit sårt sakna tilbod for mange småbarnsforeldre. Uteområdet i ein del barnehagar kan nyttast på kveldstid, men for dei som er heime på dagtid burde det vere ein plass der fleire kan samlast, og der det er leikar for dei yngste barna.

Ein triveleg leikeplass for dei minste kunne bli;
* ein stad dei kjenner seg att og kan prøve ut nye leikar etter kvart som dei veks til
* ein fin plass å bli kjend med andre små barn og der foreldra kan bli kjende med andre småbarnsforeldre
* ein spennande stad der ikkje alt er ferdig uttenkt, men ein kan lage noko sjølv
* ein møtestad for alle familiar som er på bytur og vil noko meir enn å handle

Då treng Førde eit grønt, lyst og bilfritt område der marka under leikeapparata kan dekkjast med sand og bark (ikkje plastmatter). Der det gjerne kan leggjast til rette for at familiane kan ete nista si under tak.

Det kan vere enkle leikar som disse, vippe og sandkasse, men kanskje kan ein kreativ person utvikle vassbaserte leikar som vassbane med kvernkall for regnfulle tider eller høve til å spele saman på klangstavar med ulike tonar? Fleire uvanlege og spennande leikar kan gjere plassen ekstra attraktiv.

Vårt forslag til plassering av denne unike leikeplassen er i området ved Husmorskulen der inngangen til Kunstmuseet ein gong var. Her står allereie eit lite leikeapparat som av og til får besøk av ungar på tur, og det er god plass til mykje meir. Området er lett tilgjengeleg, lyst og nær Førdehuset der mange har andre ærend.

Kanskje vil Husmorskulen i framtida kunne bli eit miljøhus med mange ulike aktivitetar og gjere leikeplassen enno meir tiltrekkjande? Og Førde kunne vise seg som ein meir barnevenleg by.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags