Inntaket til høgare utdanning må bli meir rettferdig!

VIKTIG: Karakterar er viktig, men dei seier ikkje alt, skriv Elias Eide.

VIKTIG: Karakterar er viktig, men dei seier ikkje alt, skriv Elias Eide. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Om ein knapp månad skal fleire tusen unge menneske velje kva dei vil studere. Det einaste som får betyding er karakterane dei har fått. Om dei har hatt ein jobb, vore med i eit ungdomslag eller vore gode i fotball spelar ingen rolle. Det burde vi gjere noko med.

Mange elevar sit med god og relevant erfaring for studiet dei drøymer om å starte på. Kanskje har ein vore trenar for eit barnelag og går med ein draum om å bli gymlærar, eller har jobba på ein sjukeheim og har lyst til å bli sjukepleiar. Det er erfaringar som burde telje med.

Karakterar er viktig, men dei seier ikkje alt. Ein kan ha ein dårleg dag på eksamen, men framleis ha erfaring og motivasjon. Det er både synd for lærestadane og studentane at det einaste som blir sett er karakterane. Ein blir ikkje nødvendigvis ein betre lege av å ha skyhøgt karaktersnitt. Ein må ha dei riktige personlege eigenskapane i tillegg. Vidare tener lærestadane ikkje på å ha studentar som berre har valt eit studie fordi dei ikkje visste kva dei ville. Det burde både universiteta, høgskulane og politikarane sjå.

Unge Høgre meiner at universitet og høgskular i større grad bør få bestemme korleis dei vil ta inn elevar, anten det er gjennom karakterar, gjennom intervju og motivasjonsbrev, eller ei blanding. Dersom to personar har same karaktersnitt, bør det avgjerande vere motivasjon, eller relevant erfaring.

Det må vere lov å ha eit liv ved sidan av vidaregåande, og det bør berre telje positivt.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags