Innfør borgarløn til alle over 18

Av
DEL

LesarbrevDet kan sjå ut som om strenge restriksjonar og problem for ulike arbeidsplassar vil vare ei god stund framover. Eg baserer dette på korleis koronaviruset herjar, særleg i Italia. Dagens tilstand i Noreg med høg arbeidslause reknar eg med kan dra ut i tid. Eg er misnøgd med den nye ordninga for å hjelpe næringslivet der permitterte etter to dagar kan mota inntil 6G i utbetaling direkte frå oljefondet. Eg meiner dette er ei urettvis fordeling av desse pengane. 1G er i dag 99.858 kroner.

Det vil seie at dersom restriksjonane på samfunnet følger mønsteret frå Italia vil vi etter kvart ende opp med endå strengare restriksjonar, og endå fleire vert permitterte og dette kan eventuelt gå over i dagpengar (som også har 6G som tak). Ser ein på lengda av denne perioden trur eg dette fort kan vare 18 månadar før det verste er over. Vi ser då at nokon vil sitte igjen med om lag 900.000 kroner (6G i 18 månadar), direkte frå oljefondet, medan andre får ingenting. Meininga mi med dette er ikkje å syte eller å vere misunneleg, men å foreslå ei meir rettvis løysing.

Forslaget mitt er å innføre borgarløn til alle over 18 år som ikkje er i arbeid, inkludert studentar, og barnetrygd til barnefamiliar sjølvsagt. Dette kan fort vise seg å vere meir berekraftig enn dagens, i mine auge, urettvise ordning. Dette vil innebere ei kraftig senking av taket på ytingar frå staten, men inkludere alle.

Ei slik fordeling av kjøpekraft vil truleg vere sunnare for økonomien og eit lyspunkt for mange av bedriftene som i dag slit.

Eit slikt system vil også vere enklare å administrere for NAV og kan gje store administrative innsparingar.

Eg trur dette vil bidra til meir sosial ro i ei turbulent tid.

Eg håpar nokon som les dette delar bekymringa mi og tek borgarløn ideen vidare til Stortinget raskt.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags