Ingen skam å snu!

FYLKESSAMANSLÅING: – Kor lenge vil vi i Sogn og Fjordane få behalde vidaregåande skular og andre fylkeskommunale tilbod når «kjøtvekta» ligg i Bergensområdet? spør Ingunn Kandal.

FYLKESSAMANSLÅING: – Kor lenge vil vi i Sogn og Fjordane få behalde vidaregåande skular og andre fylkeskommunale tilbod når «kjøtvekta» ligg i Bergensområdet? spør Ingunn Kandal. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Fylkestinget i Troms og Finnmark ber om at tvangssamanslåinga av fylka blir reversert. Ap, SV og Sp, som har fleirtal i det nye fylkestinget, gjekk til val på at samanslåinga måtte opphevast, og saka kjem no til behandling i Stortinget.

Fleirtalet i fylkestinget etterlyser ei fagleg utgreiing som grunnlag for samanslåinga, kor det blir av dei nye oppgåvene fylka skulle få og overføring av meir statlege midlar til gjennomføringa.

I Sogn og Fjordane var det stor folkeleg motstand mot samanslåinga med Hordaland. Likevel valde politikarane å slå saman dei to fylka til Vestland.

Det gamle fylkesbygget i Bergen hadde sikkert trengt å bli rehabilitert og fornya, men no er det rive og skal erstattast av eit nybygg til 1,1 milliard, og dette skal stå ferdig om 1–2 år. I mellomtida må fylkeskommunen leige kontorlokale for dei tilsette. Vestland fylkeskommune har i tillegg alt no opparbeida seg eit underskot på ½ milliard.

Er det nokon som trur at dette ikkje vil gå ut over tenestetilbodet på sikt–særleg i distrikta?

Kor lenge vil vi i Sogn og Fjordane få behalde vidaregåande skular og andre fylkeskommunale tilbod når «kjøtvekta» ligg i Bergensområdet? Og kor blir det av dei nye oppgåvene som var så viktige at ein del fylke måtte slå seg saman?

Raudt oppmodar fylkespolitikarane i Vestland om å gjere som fylkestinget i Troms og Finnmark. Det er ingen skam å snu–særleg når sentrale styremakter berre er ute etter å sentralisere og flytte makta lenger vekk frå folk.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags