«Indre Dalsfjordpakken», ei presisering

PRESISERER: Helge Kårstad og Jim Heldal (t.v.) presiserer innhaldet i «Indre Dalsfjordpakken».

PRESISERER: Helge Kårstad og Jim Heldal (t.v.) presiserer innhaldet i «Indre Dalsfjordpakken». Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Avisa Firda hadde 24.03.20 eit oppslag om fylkesveg 57 m.m.
Bak oppslaget står Helge Kårstad og entreprenør Jim Heldal. Vi vil hermed forklare løysinga (Indre Dalsfjordpakken) noko grundigare.
Entreprenør Jim Heldal har også gitt eit tilbod på 150 millionar kroner + mva. som gjeld opprusting av 2 parsellar;
1. Fv.57 frå Osen Bru via Eidevik (om Bygstad) til Storehaug.
2. Fv.422 frå Osen Bru over Åse til Hjelmeland
Tilbodet står ved lag inntil vidare.

Føresetnader for Indre Dalsfjordpakken:
• Tungtrafikken bør, som i dag, gå langs Fv.57 frå Dale (kommunane Fjaler, Askvoll og Hyllestad) til Osen Bru og vidare langs Fv.610 til Sande (BK10/60, vogntoglengde 24m, linjeføring og kurvatur for dimensjonerande fart minst 80 km/t).
• Ny veg frå Dale til Osen Bru må byggast som planlagt og innafor kostnader kalkulert av Statens Vegvesen. Tilbodet frå Heldal (sjå under) gjeld ikkje dette.
• Opprusting (10 nye møteplassar) av Fv.422 mellom Osen Bru og Hjelmeland (sjå tilbod frå Heldal under)
• Opprusting Fv.57 frå Osen Bru via Eidevik (Bygstad sentrum) til Storehaug (sjå tilbod frå Heldal under)
• Inga bru over Svesundet og ingen ny trase mellom Bygstad og Storehaug. Her ligg heile innsparinga.
• Ordførarar og vegstyresmakter set seg saman med grunneigarane for å diskutere ein «Indre Dalsfjordpakke» der alle desse vegtraseane blir planlagt, finansierte, fornya og oppgraderte i fellesskap, - til ein pris som sparar skattepengar (fylke og stat) for kring 1 milliard kroner, sett i høve til Statens vegvesen sine allereie kjende planar og kalkylar for Fv.57 frå Dale til Storehaug.

Tilbod frå Jim Heldal (Helldal AS) er på 150 millionar kroner + mva.
Dette gjeld strekninga frå Osen Bru via Eidevik (Bygstad sentrum) til Storehaug og strekninga frå Osen Bru via Åse til Hjelmeland.
• Fv.422 frå Osen Bru via Åse til Hjelmeland: Anlegg av 10 nye møteplassar, elles vegen som i dag.

• Fv.57 frå Osen Bru til Eidevik (Bygstad sentrum).
a. Standard som «gul stripe», linjeføring og kurvatur for dimensjonerande fart minst 60 km/t.
b. Sprenging av fjellparti langs elva Gaula ved Osen Bru, rett etter avkøyrsla mot Eidevik.
c. Utviding av trase gjennom Saltkjelen, bruk av massar frå avkøyrsla ved Osen Bru.
d. Fartsdumpar (om nødvendig) ved tunpassering.

• Fv.57 frå Eidevik (Bygstad sentrum) til Storehaug.
a. Standard som «gul stripe», linjeføring og kurvatur for dimensjonerande fart minst 60 km/t.
b. Finne eigna massetak/ fjellknaus hos grunneigar/bonde på strekninga, anlegg av knuseverk. Det må vere eigna kvalitet på fjellet til føremålet der område for massetak blir valgt. Etter uttak av masser blir dette arealet i samråd med grunneigar opparbeidd til jordbruksareal.
c. I stor grad utskifting av massar på skulder og topplag inkl. utviding av vegen mellom Eidevik og Storehaug.
d. Utviding 2 bruer.
e. Opparbeiding av gang- og sykkelveg mellom Eidevik og Bygstad skule/ barnehage.
f. Fartsdumper (om nødvendig) ved tunpassering.

• Andre føresetnader:
a. Vegen må kunne stengast inntil 5 timar på kvardagar, to gonger kvar dag med 30 minuttar opningstid. Omkøyringsveg vil vere mogeleg.
b. Bruk av tungt anleggsutstyr. Referanse Heldal AS: Tilsvarande utbetring av 6 kilometer veg i Mauranger i Hardanger i 2001.
c. Vegeigar lyser ut arbeidet offentleg som ein kravspesifikasjon, der entreprenør skisserar løysingar, føretek nødvendig planlegging og legg det til grunn i tilbodet.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags