– Importert kork, blanda med lim og aceton på leikeplassane?

Ungar har leika på gras og grus, sand og stein til alle tider, skriv Erik Solheim i dette lesarinnlegget. Han er kritisk til å bruke importert kork, blanda med lim og aceton som underlag på leikeplassane. (Arkivbilde frå Kråkevika i Vadheim)

Ungar har leika på gras og grus, sand og stein til alle tider, skriv Erik Solheim i dette lesarinnlegget. Han er kritisk til å bruke importert kork, blanda med lim og aceton som underlag på leikeplassane. (Arkivbilde frå Kråkevika i Vadheim) Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Bergen og Oslo skal no prøve seg med kork til dekkje på leikeplassar, i staden for gummigranulat, oppskorne bildekk og liknande som visstnok finst mange stader på små reservat for leikande ungar. NRK Vestland skriv dette på nettsida. Det kan vere fare for at ideen spreier seg.

Kork frå Spania er sikkert ikkje eit farleg stoff, kjemisk sett. Gummigranulat er det. Små restar – mikroplast – siv ut i vatn og inn i levande vesen. Dette visste dei ikkje då dei tok slikt i bruk, også på store fotballbaner. Heller ikkje hadde dei tenkt på korleis mikroplasten verkar i barnekroppen når smårollingane får det i seg. Men i bruk kom det, både nytt og lettvint. No skal ettertanken ha meldt seg, rikeleg på etterskot. Og svaret er å prøve med importert kork, blanda med lim og aceton. Kunstig kjemi må vår tid ha over alt.

Ungar har leika på gras og grus, sand og stein til alle tider. Dei har klatra i tre og klive i berg – klart seg godt og lært av det. Dei fekk trening av både kropp og hjerne, dei vart spenstige og lærde å passe seg. Slikt er moro, dei treng ingen instruktør for å halde på. No gjeld visst andre tankar. Dei leikeplassane er har sett, og sett bilde av, er slette som is på stille vatn. Utan så mykje som ein stor stein å klive på og hoppe frå. Og det kjedeleg flate underlaget skal vere mjukt dersom fallet kan bli 60 cm eller meir, mindre enn høgda på dei fleste fritt leikande ungar.

Det skal vere ein regel som krev dette, visstnok frå det teoretisk allvitande EU. Ein regel som er direkte hemmande for naturleg utvikling gjennom å bruke kroppen med den iver og energi som ungar har i seg. Sjølvsagt er det naturleg for ungar å slå seg litt, få skrubbsår og vel så det. Dette er livsviktig læring. Den som ikkje har snubla i ein stein, sklidd på eit berg eller dotte ned, kan ikkje vite noko om konsekvensane av slikt. Dei er styrte til å bli funksjonshemma. Fjernar vi nesten-ulykkene, sit vi att med katastrofane. Ein mann eg kjenner, starta sitt yrkesliv som lærar i ungdomsskulen i eit urbant strok. Det var på 1970-talet. Elevane skulle ha litt friluftsliv, og læraren måtte bruke tid på å trene nokre til å gå på sti, ikkje plan veg, i slakt lende. Ein slik oppvekst må vere rimeleg å hevde er i strid med barnekonvensjonen, som har målet om barns beste som overordna norm.

Bokstavane i reglane les kommunane, etter det eg forstår, lydige som overdresserte hundar. Og pengane renn ut for dei konstruerte påfunna. Så er det nye varer om kort tid, og nye tal i budsjettet. Medan det som alle veit varer – gras, grus og stein – er nesten gratis. Det er neppe fare for at litt slakk respekt for kravet om plastikkmadrass og mikrofiber på leikeplassen, vil sende ordføraren i fengsel. Har nokon funne teikn til at grasmark og grus på leikeplassar er skadeleg for ungar?

Dersom det er nifst å bry seg om realitetane i staden for reglane, kunne vel bork som årleg vert flådd av tusenvis norske tre, vere eit alternativ til spansk bork av korkeik? Eller treflisa som vegvesenet legg etter seg langs vegane når dei høgg eit tre eller fem.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken