Norges Idrettsforbund på ville vegar?

BARNEIDRETT: – Har NIF sett seg tilstrekkeleg inn i kva mekanismar som bidreg til; engasjement, frigjering av frivillige ressursar, lokal kunnskap og kjennskap, nære relasjonar og vere tilgjengeleg. Kva bygger motivasjon for å gjere ein jobb for idretten sin, for laget, kretsen eller fylket, spør Ingar Breilid.

BARNEIDRETT: – Har NIF sett seg tilstrekkeleg inn i kva mekanismar som bidreg til; engasjement, frigjering av frivillige ressursar, lokal kunnskap og kjennskap, nære relasjonar og vere tilgjengeleg. Kva bygger motivasjon for å gjere ein jobb for idretten sin, for laget, kretsen eller fylket, spør Ingar Breilid. Foto:

Av
DEL

MeiningarNorges idrettsforbund har i sitt moderniseringsprosjekt levert forslag til endringar i organiseringa av norsk idrett og inviterer organisasjonen til høyring. Målet med prosjektet er å effektivisere norsk idrett og frigjere fleire ressursar til meir idrettsleg aktivitet.

Forslaga inneheld mellom anna store endringar for kretsane, idrettskretsar og særkretsar, og vil ha klare konsekvensar for innretninga av idrettsarbeidet på fylkesnivå. Trekk som trer tydleg fram, er ei forsterking av sentraliseringa i idretten med meir makt og styring frå sentralledda

Men er dette formålstenleg for å få meir og betre idrett for fleire?

Grunnlagsmaterialet, situasjonsanalysen, som ligg til grunn for føreslegne endringar, har til dels alvorlege manglar ved seg.

For det første: Styringsgruppa for prosjektet har utelate ei kvar vurdering av fordelingsverknader av økonomiske ressursar frå NIF til sine underliggande ledd. Når målet er å gjere endringar for få meir ut av ressursane, må det vere openbert at fordelinga av tilgjengeleg midlar er ein viktig faktor. Kvar i organisasjonen får ein mest ut av pengane? Kva ledd bør ha ressursar for å drive utviklingsarbeid overfor idrettslag og idrettsråd?

Det er grunn til å sjå på kva som har skjedd med ressursfordelinga i idretten siste tiåret.

Underteikna vil her kort nemne KUD sin inngriping i NIF sin bruk av økonomiressursar til administrasjon sentralt i 2017, og seinast Riksrevisjonen sine merknader og spørsmål om bruken av spelemidlar til barn, ungdom og breidde (post-3 midlar i NIF-budsjett).

Det er også god grunn til å sjå tilbake på NIF sine tidlegare økonomiske disposisjonar og prioriteringar.

For å rette opp økonomien etter nedturen med sterkt overforbruk sentralt i NIF 2002-2003, tok forbundet i 2005 bort ei idrettsfagleg stilling i idrettskretsane (organisert gjennom Idrettens Studieforbund). Dette førte til ei halvering av idrettsfagleg kapasitet for dei fleste idrettskretsane. Stillinga er aldri blitt erstatta.

Resultatet er varig reduserte rammevilkår og klart mindre kapasitet til fagleg utviklingsarbeid overfor idrettslag og idrettsråd. Konsekvensar var færre utdanningstiltak på barne- og ungdomsidrett og klubbutvikling, mindre skolerings- og oppfølgingstiltak av idrettsråd og bortfall av utdanningstenester for særidrettane.

Kva skjer så sentralt i perioden? Frå 2007 starta opptrappinga på Ullevål med ei dobling av tal tilsette i NIF frå om lag 100 til over 200 over ein tiårsperiode.

Post 3-midlar, til utviklingstiltak i særidrettane, har auka frå kr 52,9 millionar i 2007 til 160,5 mill. i 2017. Underteikna har kunne observere over tid at lite av desse midlane blir vidarefordelt frå særforbunda til utviklingstiltak på særkrets- og idrettslagsnivået.

Det blir då urovekkande at NIF ikkje tek omsyn til ressursfordelinga i sin analyse som grunnlag for å gjere historisk store endringar i organiseringa av norsk idrett. 

Har den omfattande sentraliseringa etter 2007 vist seg å vere eit fornuftig verkemiddel for å få meir idrettsleg aktivitet ut av ressursane?

For det andre: NIF legg fram forslag til store endringar i maktfordeling, sjølvråderett og lokal påverknad for idretten på kretsnivå. Idrettskretsadministrasjonen skal leggast under NIF med direkte styrings- og rapporteringsrutinar til sentralleddet. Idrettskretsar og særkretsar skal ikkje lenger ha lokalpolitiske styrefunksjonar.

Konsekvens- eller risikoanalysar av nemnde endringsforslag er mangelfulle og nærast fråverande.

Det synest som om NIF har laga seg eit sett med førehandsdefinerte konklusjonar for kva organisasjonsmodellar ein ønskjer seg og har tilpassa føringar og premissar til desse.

Ser NIF på organisasjonen som eit toppstyrt forretningskonsern og ikkje som ein frivillig, medlemsbasert organisasjon?

Er det frå Ullevål ein ser best idrettslaga og idrettsråda sine utviklingsbehov og ønskje om støtte?

Har NIF sett seg tilstrekkeleg inn i kva mekanismar som bidreg til; engasjement, frigjering av frivillige ressursar, lokal kunnskap og kjennskap, nære relasjonar og vere tilgjengeleg. Kva bygger motivasjon for å gjere ein jobb for idretten sin, for laget, kretsen eller fylket?

Tillitsvalde på kretsnivå er ein viktig frivilligressurs. Dei er initiativtakarar til utvikling og framgang for sin særidrett eller idrettskrets. Dei er ute i miljøa, er støttepersonell og dagleg samtalepart for tilsette og bidreg til fellesarenaer i eigen idrett og på tvers. Dei gjer viktige praktiske jobbar og tek nødvendige avgjerder på styringsnivå basert på lokalkunnskap og lokale behov.

Dersom NIF får gjennom sine forslag, vel ein bort tillitsvaltressursen på kretsnivå. Redusert sjølvstende og mindre lokalpolitisk påverknad på eigen utvikling er andre konsekvensar.

Mindre særkretsar utan tilsette ville vere særleg sårbare med risiko for å bli marginalisert.

Sentral fjernstyring av drift og utviklingsarbeid frå Ullevål kan ikkje vere nokon farbar veg å gå.

Eit vesentleg problem for idrettsorganisasjonen er mangelen på heilskapssyn og vilje til samspel og samarbeid på tvers.

Er løysinga då å kaste om på heile organisasjonsstrukturen med dei negative verknadene dette vil ha, og utan å vurdere andre verkemiddel for å effektivisere?

Her kan ein liste opp nokre av tiltaksområda som NIF er i posisjon til å påverke:

  • tydlege styringssignal, betre målstyring og insentiv gjennom økonomisk støtte ei meir formålstenleg ressursfordeling
  • utviklingsprosjekt på tvers og felles servicesenter på kretsnivå større bruk av teamorganisering og formidling av beste praksis på tvers av fylkesgrenser og særidrettar   

Mykje står på spel for idrettsorganisasjonen det komande halvåret fram til idrettstinget 2019.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags