Trakassering som politikk

Av
DEL

LesarbrevLand som spelar fotball, har turneringar som kårar det beste laget. Slik også i dei palestinskstyrde område i Palestina. På Vestbreidda og i Gaza deltek lag i cupen. Gaza Khadamat Rafah og FC Balata frå Vestbreidda skulle møtast til cupfinale i år, men no har Israelske styresmakter først utsett og så sett endeleg strek for cupfinalen. Grunngjevinga er tryggingssituasjonen. Berre fem spelarar har fått innvilga reisevisum.

Palestina deltek i Asias Champions League. Dette er ei turnering som FIFA, Det internasjonale fotballforbundet, står bak. FIFA seier ikkje eit ord til protest. Norges Fotballforbund seier heller ikkje eit ord. Har dei ikkje ei haldning til slik trakassering?

Heilt sidan 1990 har Norway Cup invitert palestinske lag, både gutelag og jentelag. Dette er eit uttrykk for solidaritet med Palestina og gjev barn og ungdom ei positiv oppleving i ein uleveleg kvardag. Det har vore strid om palestinsk deltaking også før. I 2008 var Fotballaget Delballah Gaza Peace frå Gazastripa påmelde til Norway Cup. Dei hadde trena i månadsvis. Men så vart det problem. Israelske styresmakter nekta å gje dei reiseløyve. Først då den norske ambassaden drog til grensa, fekk dei kome ut av Gaza. Men då hadde dei vorte så forseinka at dei nådde Oslo tre dagar for seine. Norway Cup laga til nokre improviserte kampar så dei fekk spele ein del, men turneringa rakk dei ikkje.

Når nokon gjer urett overfor andre, er omgjevnadene viktige for utfallet. Når Israel trakasserer palestinarar, og trakasseringane er mange, kan Israel då hauste inn eit nytt døme der dei viser si makt? Får palestinarane berre svelgje også denne vonde opplevinga? Eller reagerer omverda slik at Israel får betale for det dei gjer i form av eit skada omdøme?


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags