Politikarane må på bana no!

IDRETTSPOLITIKK: Førde IL sitt hovudstyre, her ved styreleiar i Førde IL Arne Helgheim (til venstre) og dagleg leiar Per Øyvind Storevik, ber om svar på kva politikarane meiner om mellom anna kapasitet på fotballbaner i nye Sunnfjord kommune.

IDRETTSPOLITIKK: Førde IL sitt hovudstyre, her ved styreleiar i Førde IL Arne Helgheim (til venstre) og dagleg leiar Per Øyvind Storevik, ber om svar på kva politikarane meiner om mellom anna kapasitet på fotballbaner i nye Sunnfjord kommune. Foto:

Av
DEL

LesarbrevVi står føre eit viktig val 9. september. Då skal du og eg bestemme kva for politikarar som skal ta oss inn i den nye storkommunen, Sunnfjord kommune, over nyttår.

For fleire tusen barn, unge og foreldre i Førde handlar dette valet mellom anna om kven som best vil vareta deira fritidsinteresser. Det er allereie bestemt at det skal byggjast bru frå Hafstad og over mot Angedalsvegen og Førdehuset. Dermed vil dagens kunstgrasbane ved Førdehuset mest truleg vere historie, gjennom at den blir kraftig redusert i storleik eller heilt fjerna. Kva då med skulane sine interesser og ikkje minst idretten sitt nødvendige areal?

Samstundes er det klart formulert i vedtaket at det skal finnast ei erstatningsbane i nærleiken av Førdehuset/Hafstadparken. Det er sett frist til 4. oktober for å få desse alternativa på bana, og det er Norconsult som skal gjere utgreiingsjobben.

Men allereie i dag er både baner og garderobe-kapasitet i Hafstadparken fullstendig sprengt. Kva skjer den dagen når all aktivitet på bana ved Førdehuset, også skal inn i Hafstadparken? I eit allereie sprengt anlegg? Kva om vi hadde bygd gangbru mellom Førdehuset og Hafstadparken og bygd et nytt kombinasjonsanlegg/fleirbruksanlegg for friidrett og fotball og då i tillegg til ei erstatningsbane for den vi mistar?

Då kunne vi kanskje ha utnytta eksisterande fasilitetar langt betre. Både garderobar og baner. For det er viktig å forstå at sjølv med Hafstadparken så har vi ei gedigen utfordring med tanke på at vi manglar 2,5 11-baner for å støtte Norges Fotballforbund si behovsanalyse med tanke på forholdet mellom talet utøvarar og baner.

Vi ser at det i det siste har vore heftig debattert i nabokommunane om at dei vil realisere hallutbyggingar før storkommunen er ein realitet. Behov som ikkje er vanskeleg å forstå. Men kven talar idretten sitt samlande språk i denne debatten? Når vi om eit halvt års tid står i same kommune, så er det viktig at idretten står samla og ikkje jobbar mot kvarandre. Framleis vil vi ha idrettslag i både Førde, Jølster, Gaular og Naustdal, men samstundes må politikarane makte å sjå heilskapen i dette, og ha ein overordna plan med idretten totalt.

Er dette noko som dei kommande ordførarkandidatane har tankar om, og kor står dei politiske partia på dette området? Allereie no ser vi at den kommande storkommunen vil få svært store utfordringar med dei utbyggingsplanane som ligg føre, og det er viktig at dei sentrale politikarane allereie no signaliserer kva dei vil gjere overfor idretten i tida som kjem.

Valet er på mange måtar eit verdival. Aktive, velfungerande lokalmiljø gir gode oppvekstvilkår, og er ofte avgjerande for at folk vil flytte hit. Det handlar ofte om kva vi kan tilby tilflyttarar og faste innbyggjarar utanom arbeidstid. Fritid blir på mange måtar viktigare og viktigare. Derfor er politikarane sitt standpunkt utruleg viktig.

Som veljar og innbyggjar i den nye storkommunen er det viktig at vi får svar på slike spørsmål, før vi går til urnene. Og husk – det er ikkje meir enn ein månad til valet – godt val!

For Førde IL, hovudstyret

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags