Idretten gjer Førde til ein meir attraktiv by

NYE AUGE: Eg at vi må tore å sjå på Førdehuset og området rundt med nye auge, og vere open for ny og gode idear. Her som elles kan endring vere bra, skriv Olve Grotle i dette innlegget.

NYE AUGE: Eg at vi må tore å sjå på Førdehuset og området rundt med nye auge, og vere open for ny og gode idear. Her som elles kan endring vere bra, skriv Olve Grotle i dette innlegget.

Av
DEL

LesarbrevIdretten står sterkt i Førde. Vi har volleyball på høgt nasjonalt nivå, handballjenter som har vunne alle sine hjerter, ei av landets største fotballgrupper, symjarar som fossar fram, og framgang for både tradisjonelle og «nye» idrettar i Førde. Og snart skal vi ha NM i Kettlebell! Idrett er viktig på mange, mange plan. Det representerer gode barne- og ungdomsmiljø, er helsefremjande, og skaper trivsel og underhaldning. Ja, kort sagt gjer det Førde ein meir attraktiv by.

Samtidig som idrettsutøvarane imponerer både når det gjeld omfang og resultat, skjer det òg andre positive ting. Vi får ny, etterlengta hall på Halbrend. Vidare får nye Førde vidaregåande skule på Indre Øyrane hallkapasitet som òg vil bli viktige tilskot til idretten i den største byen i fylket. At Kulturdepartement denne veka valde å støtte dette prosjektet med ein ny tilleggssal, gjer totaltilbodet endå betre.

Ein suksessfaktor for idretten i Førde har vore det gode samarbeidet mellom idrettsorganisasjonane og Førde kommune. Ikkje minst gjeld dette rolla idrettsrådet – fagorganet vårt – har spelt. Eit godt eksempel på kva som har kome ut av dette samarbeidet, er fantastiske Hafstad idrettspark.

For ei tid tilbake blei politikarane utfordra på kva ein vil gjere for idretten i Førde. Det blei her uttrykt bekymring for fleire forhold, særleg knytt til hallkapasitet og forholda kring Førdehuset. Det er viktig å ta dette på alvor, og ikkje minst løyse dette på den måten vi har arbeidd i Førde; gjennom godt samarbeid mellom kommunen og idrettsorganisasjonane. Sjølvsagt vil dette òg blir noko dei nyvalde politikarane i Sunnfjord kommune må arbeide godt med.

Eit viktig tema har vore brua som skal byggjast frå Hafstad til Angedalsvegen (tiltak 1 i Førdepakken), og dei konsekvensar dette kan få for kunstgrasbana framfor Førdehuset. Det er ei (nesten) samrøystes oppfatning i Førde bystyre at denne brua må vere ei bilbru, og dette av mange grunnar. Mellom anna fordi det er nødvendig for å sikre trafikkflyt i Førde, og fordi det er ein føresetnad for å kunne bygge ut Hafstad bydel.

Avgjerda er nå tatt, men endeleg utforming er ikkje gjort. Underteikna håper at prosessen framover vil vise at det likevel er råd å bygge brua utan at kunstgrasbana blir ramma, t.d. gjennom ei tilpassing av brua og forskyving av kunstgrasbana mot Førdehuset, og vil saman med andre arbeide for det. I motsett fall står kravet om erstatningsbane fast. Uavhengig av dette vil Høgre arbeide for at det òg blir bygt ei eiga sykkel- og gangbru som kan binde Førdehuset og Hafstad idrettspark endå betre saman.

Forutan arbeidet med å finne erstatningsbane, er det nå òg sett i gang eit viktig og interessant arbeid knyt til Førdhuset sitt uteområdet. Arbeidet med dette skal utførast av Norconsult, og dette skal vere ferdig den 4. oktober. Det er svært viktig at vi får til gode løysingar her, slik at vi også i åra framover greier å oppretthalde Førdehuset sitt unike preg og store attraktivitet.

Samtidig meiner eg at vi må tore å sjå på Førdehuset og området rundt med nye auge, og vere open for ny og gode idear. Her som elles kan endring vere bra. Det ligg føre store planar for utvikling av Førdehuset, og prosjektet Førde Arena står sentralt her. Det er eit heilt fantastisk prosjekt som vi sluttar heilhjarta opp om. Finansieringa er som mange veit ikkje på plass, og dette må det derfor arbeidast godt med framover.

Når det derimot gjeld symjehall-delen er den inne i Førde kommune sin økonomiplan, noko Høgre òg vil arbeide for blir resultatet framover. Det er alt søkt spelmidlar for symjehallen, så slik sett er den i rute. Når det elles gjeld Førde Arena har eg i møte med representantar for idretten forstått det slik at det er viktig å få sikra (grunn-)areal til bygningsmassen, slik at ein framover kan starte opp ein meir konkret planlegging. Dette bør vere uproblematisk, og noko vi vil støtte.

Forutan det som skjer i tilknyting til Førdehuset, ligg det òg føre spennande planar andre stader i Førde. Ein av desse knyter seg til eit nytt alternativ for turn og klatring, og som politikarane i Førde kjem til å bli orientering om i løpet av kort tid.
Skal Sunnfjord kommune bli ein attraktiv og god kommune å bu og arbeide i, må idretten og friluftslivet få spele ei viktig og sentral rolle. I dette ligg òg at vi må ha gode og funksjonelle tilbod til dei som bur i grendene våre, dei uorganiserte, og dei «stille» gruppene (menneske med nedsett funksjonsevne, psykisk sjuke etc). Skal vi greie å få dette til må vi sjå ting i samanheng og sette av ressursar slik at tilbodet blir tilfredsstillande i heile den nye kommunen vår, her medrekna Førde. Høgre vil arbeid aktivt for at vi får dette til.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags